IMG_2047

Forsterker i forsvar: Szymon Walczak har signert for Os Fotball!

Herrelaget forsterker forsvarsleddet med den solide midtstopperen Szymon Walczak!

- I Szymon får me inn ein midtstopper med solid erfaring i ein fin alder. Han er ein vinnarskalle som har utrulig bra tilstedeværelse og stolthet i forsvarsarbeidet. Me har jakta forsterkning i forsvar, og trur Szymon er ein veldig bra type å få inn i laget. Velkommen, seier hovudtrenar Endre Brenne om sin ferske signering. 

Szymon er født i Polen og kom til Norge som 8-åring. Han vaks opp med spel i Fyllingsdalen og debuterte som 15-åring i 2.divisjon. Det var fleire som beit seg merke i den talentfulle forsvarspelaren, som fekk aldersbestemte landslagskamper for Polen, og henta til tyske FC Køln som 16-åring i 2014.

Han spela for U19-laget til Bundesligaklubben, før han returnerte til Norge og prøvespel i Start i 2016. Han endte opp i hardsatsande Nest Sotra som han var med å rykke opp med til Obosligaen i 2017. 

Midtstopperen tok så turen vidare til naboane våre Lysekloster, der han spela i to sesonger, før det blei ein sesong i både Sandviken og sist Florø. Det er fleire klubber som har jakta signeringa hans, så det er veldig gledeleg at 25-åringen no er klar for å gje alt i gult og svart! 

Velkommen til Os Fotball, Szymon Walczak! 

Sesongkort 2023

Kjøp sesongkortet for 2023 og opplev den magiske stemninga på Kuventræ! Sesongkortet gjev ein rekkje rabatter hos lokale aktører, samt entre til dame - og herrelaget sine kamper på Kuventræ i kommande sesong! Les meir om sesongkortet her: 

IMG_2046.jpg

 

Annonse: