Fullt hus på Kuventræ!

På nyåret har Os Fotball vore så heldige å ha besøk frå studenter og elever frå Os Ungdomsskule, yrkesskulen og VID Høgskule. Kristian Foer og Håvard Stangeland Lunde frå Os ungdomsskule gjev deg her ein oppsummering av praksisperioden!

I desse vekene har vi besøk av ulike studentar og elevar frå ulike institusjonar. Vi har hatt besøk frå Os ungdomsskule, VID høgskule og yrkesskulen.

Kristian og Håvard frå ungdomsskulen har den siste veka vore på arbeidsveke i klubben, og har blitt sysselsatt til ulike oppgåver. Dei har hjelpt oss med å skru ned stolane og køyrt dei bort til Os asvo, der dei skal vaskes og lakkeres om til svart. Dei har og hjelpt til som trener på FFO og Os akademiet. Gutane sjølv seier dette om arbeidsveka:

- Det har vore veldig kjekt å sjå korleis dei arbeider her i Os Turn Fotball. Det har vore innhaldsrike og kjekke dager. 

I tillegg har det i snart ein månad vore rullering av to studentar frå VID høgskule. Simen og Sunniva studerer til å bli sjukepleier, og har i to veker kvar hatt observasjonspraksis på FFO, som del av eit nytt fag i studieplanen kalla Folkehelse. Dei har observert folkehelsetiltaka som er gjort innan FFO.

- Det har vore kjekt å sjå på dei gode tiltaka innan FFO’en på fleire plan. Både gjennom fysisk aktivitet, sosiale behov, men også ernæring. Eg må også få lov å legge til at det er eit veldig godt arbeidsmiljø her, uttaler Sunniva.  

Klubben sin FFO har også hatt med seg praksiseleven, Oliver Hitland, frå Os vgs i fire veker. Han går linjen som barn og ungdomsarbeider, og fullførte denne veka sin siste veke i praksisen. 

Dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne, er godt nøgd med dei nye tilskota på Kuventræ: 

- Dette er god sos for alle partar! Kuventræ treng gode arbeidsfolk, og det har me jammen fått. Praksiselevane har vore til stor hjelp, jobba godt og vi i Os fotball er veldig nøgd med dei. Spesielt Kristian og Håvard frå ungdomsskulen, avslutter Brenne med eit glimt i auga. 

Takk for oss! 

Skribenter: Håvard Stangeland Lunde og Kristian Foer. 

Annonse: