G13 til topps i Bergen Fotballcup

Det gror godt i eigne rekkjer - i helga kunne G13 juble som vinnarar av Bergen Fotballcup!

- Det var utruleg kjekt! Gutane var flinke og viste skikkeleg bra laginnsats!

— Zsolt Korcsmár, hovudtrenar G13

G13 deltok i helga på Bergen Fotballcup, som var gutane sin fyrste cup på lang tid, samt deira fyrste cup med sluttspel. Gutane som i vår spela mot eldre gutar i serien, ein årsklasse opp, kunne i går juble for turneringssiger. 

Zsolt Korcsmár, er i tillegg til å vere spelande assistenttrenar for herrelaget, trenar for G13-gruppa saman med ei stor og dyktig foreldregruppe. Han var stolt over innsatsen, og fortel at det er lære- og treningsvillige gutar. Mange av gutane deltek blant anna på ekstratilbod som SPV Os Akademiet, også der med Korcsmár som trenar.

Laget brakstarta turneringen med 12-0 siger over Arna-Bjørnar, før dei fekk eit nederlag 1-2 mot Søreide. Laget hamna difor på 2.plass i pulja og møtte Varegg i kvartfinalen. Varegg blei slått 2-1, før Djerv/Nordnes blei for små i semien når Os vann 4-1. I finalen stod nok ein gang Søreide på motsatt banehalvdel. Os fekk revansje frå puljespelet, vann 3-1 og kunne juble for turneringssiger! 

Det lovar godt for framtida - me gratulerer! 

Vinnarlaget, Os G13:
Lars- Henrik Radmannsøy Lunde (keeper)
Henrik Helland
Kristian Hjartholm Foer
Jakob Nøss Solskjær
Gabriel Lamark (ikkje på bilete)
Hans Martin Hansen
Tormod Igland Lund
William Haugland
Nathaniel Overå
Mathias Aadland
Evander Rangset
Noah Antonio Tveit
Lasse Skaatun

IMG_6728.JPG


 

Os_TF_logo.svg.png

 

Annonse: