G16 vidare i NM etter straffekonk: møter Brann i neste runde!

Det blei ein thriller på Kuventræ i går kveld. G16 møtte Bjarg til NM-kamp, og kampen måtte bli avgjort med straffekonkurranse! Der trakk våre framadstormande ungdommar det lengste strået og kunne juble for avansement!

20 av dei beste laga i regionen har kjempa om å kvalifisere seg til NM G16 Telenor Cup. G16-laget vårt har vore ein av desse laga. I juni slo dei Nymark 3-0, i går stod Bjarg på motsatt banehalvdel. Det blei ein thriller som våre gutar kom seirende ut av etter straffesparkkonkurranse. G16 er dermed vidare i NM! 

- Ein skikkeleg lagsiger! Ut i frå antall store sjansar, der me minimum hadde ti hundreprosentsjanser, burde det blitt meir komfortabelt enn det blei. Det blei ein thriller og me måtte kjempe til siste slutt. Eg er fantastisk imponert over at me maler på, og skapar sjansar på løpende bånd, seier ein oppglødd hovudtrenar Rune Johan Åsheim Mo, før han legg til. 

- Eg må skryte litt ekstra av innbytarane som viste ein stor sult og iver når dei kom inn, og var direkte avgjerande for at me vinner kampen, samt keeper Jørgen Førde som blei helten i straffekonkonken. Fantastisk lagsiger! 

Bjarg tok føringa i midten av andre omgang, før Erlend Lindén Nesse utlikna åtte minutter før slutt. Etter 80 intense og spennande minutter blei kampen sendt til ekstraomganger med golden goal-regel (fyrste målet vinner). Når heller ikkje det kunne skilje laga, var det duka for straffesparkkonkurranse. 

Frå krittmerket skåra Martin Lund Hunnes, Sebastian Plätzer og Oliver Hope Rasmussen. Når i tillegg keeper Jørgen Førde redda to straffer frå Bjarg kunne våre gutar juble for avansement. Det enda 4-3. 

I neste runde møter dei Brann. Det blir også eit gledeleg gjensyn med tidligare Os-trenar, Hassan El Fakiri, som er trenar for Brann sine håpefulle.  

Me gratulerer med avansement! Takk for underholdninga! 

Os: Jørgen Førde - Aksel Aadland, Emil Haugland, Martin Lund Hunnes, Aksel Fredriksen Lunde - Jonathan Mjånes Lund, Sebastian Plätzer, Vetle Brunborg - Oliver Mathias Hope Rasmussen, Benjamin Johansen Engevik og Jonas Kvam.

Innbytarar (alle utanom keeper med speletid): Erlend Lindén Nesse, Simen Haglund, Viljar Olai Alnes, Johan Kristian Storebø og Ole-Andreas Nordland Andersland (keeper).

Os_TF_logo.svg.png
 

 

Annonse: