G16 vidare til kvartfinalen i Adidas cup
Søndag spelte G16 mot Norderhov frå Hønefoss i 1/8-finale i Adidas Cup. Våre gutar avanserte etter 5-0 siger på Geilo.
Foto: Nicholas F. Bruarøy
Os sine håpefulle gutar 16-spelarar har gjort det skarpt i Adidas Cup. Etter å ha vunnet 3-2 over Varegg, 8-2 over Sandviken og walkover over Førde i gruppespelet lokalt, møtte dei søndag Norderhov frå Hønefoss i 1/8-finale. Laga møttes på halvvegen på Geilo.
Benjamin Engevik sendte Os i føringa og dobla leiinga, før Simen Haglund auka til 3-0. Haglund la også opp til Sebastian Plätzer som satte inn 4-0, før Haglund sjølv noterte seg for mål nummer to for dagen når han fastsatte sluttresultatet til 5-0.
I kvartfinalen ventar Obosligaklubben KFUM sine håpefulle. Dato og sted er ikkje bestemt, men kampen må bli spela før 5.oktober.
Me ynskjer våre gutar lukke til i kvartfinalen!