God treningshelg for SPV Os Akademiet i Strandebarm

- Det blei ein utruleg vellukka samling både sportsleg og sosialt. Me fekk gode treningsøkter og mykje sosial moro. Slike samlinger styrker samhaldet og tilhøyre, som me har veldig stort utbytte av, seier Endre Brenne.

Video: SPV Os Akademiet på treningshelg i Strandebarm


Sparebanken Vest Os Akademiet var i helga på ein vellukka treningssamling i Strandebarm med 32 ivrige ungdommar. Trenarane på samlingen var Endre Brenne, Zsolt Korcsmar og Rune Åsheim Mo.

Me overnatta frå laurdag til sundag og hadde tre fotballøkter, ei teori-økt og ei økt med analyse. Me opplevde at deltakarane var lærevillige og jobba med god kvalitet i alle øktene. Veldig bra samling!

— Endre Brenne

Sparebanken Vest Os Akademiet er eit ekstratilbod for alle ivrige fotballspelarar i 7. til 10. klasse i samarbeid med Sparebanken Vest. Formålet med tilbodet er å gje ungdom med stor treningsiver og motivasjon i ungdomsskulealder moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra og godt fotballtilbod utenom fellestreningar.

Me ynskjer å bygge ein «toppidrettskultur» på Kuventræ og samtidig utvikle flest mogleg til eigne A-lag og vidare på høgare nivå. Det er mange unge lovande på veg opp og fleire av akademi-spelarane våre har vore på krets og nasjonale tiltak.

I teoriøkta på samlinga var treningskultur og 24-timers utøveren i fokus. Kva er god treningskultur? Kva innebærer det? Og korleis kan ein oppnå gode prestasjoner saman? På SPV Os Akademiet er ein absolutt inne på ein god sti med mykje god trening, både før og etter skuletid, og gode haldningar.

Vil du vere med? Då er du er hjertelig velkommen inn i vår opne, inkluderende, treningsvillige, utviklingorienterte, positive og humørfylte treningsgruppe i SPV Os Akademiet. Meld deg på her: Påmelding SPV Os Akademiet

 

Annonse: