Os Fotball sertifisert som NFF Kvalitetsklubb 1

Det er med stor glede me kan meddele at Os Fotball er sertifisert som NFF Kvalitetsklubb 1. Fredag 16.oktober mottok me det synlige beviset frå Knut Berge og Tore Christian Gjelsvik i NFF Hordaland!

Det er kjekt å sjå at Os Fotball framstår som ein robust og god klubb med tydelege rammer og planer, og eit godt verdigrunnlag. Me vil berømme arbeidet som er blitt gjort og prosessen klubben har vore igjennom

— Tore Christian Gjelsvik, kretsleiar NFF Hordaland.


I nydelig haustvær inviterte Os Fotball til grilling, kake og aktivitet når dagleg leiar i NFF Hordaland, Knut Berge, og kretsleiar, Tore Christian Gjelsvik, kom til Kuventræ for å overrekke diplom på at Os Fotball er blitt sertifisert som NFF Kvalitetsklubb 1.

NFF Kvalitetsklubb 1 er det fyrste av tre nivåer i NFF Kvalitetsklubb og er fotballutvikling i regi av klubb, krets og forbund. Målet er å stimulere til god klubbdrift og auke kvaliteten på aktiviteten i klubbane.

Dette er eit prosjekt som har pågått over lengre tid i klubben, med alt frå daglege rutiner og rollebeskrivelser, til utarbeidelse av sportsplan, klubbhandbok og kompetanseheving. Marita Kristine Arentzen, som har leia prosessen på ein utruleg god måte, forteller at NFF har målt klubben på fire store hovudområder; aktivitet, organisasjon, kompetanse og samfunn og verdiarbeid. 

Det meste var på plass i klubben, så har det vore ein del arbeid med å få satt alt i system og dokumentere det. Det har vore alt frå presisering av enkelte punkt i sportsplanen til utarbeiding av klubbhandbok. Det har vore ein spennande og lærerik prosess, og eg gler meg til å fortsette kvalitetsklubb-arbeidet i klubben

— Marita Kristine Arentzen, styremedlem og ansatt i administrasjonen.

Kvalitet i alle ledd - fantastisk kake frå Hagavik Hjemmebakeri!
Kvalitet i alle ledd - fantastisk kake frå Hagavik Hjemmebakeri!

 

 

Annonse: