Herrelaget har alt i sine egne hender

I morgon blir alt avgjort! Herrelaget møter Sogndal 2 til siste serierunde på Fosshaugane Campus.

(Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball)

Laurdag kl. 13.00 går siste serierunde i Norsk Tipping-ligaen av stabelen, og med ein kamp til gode er det mykje å spele for i topp og botn av tabellen. Morgendagens motstandar, Sogndal 2, er nedrykksklare, men har æren å spele for - sogningane ynskjer garantert å avslutte sesongen med å få sesongens fyrste siger. For Os sin del står ny kontrakt i divisjonen på spel, samtidig som laget ynskjer å slå tilbake frå skuffelsen mot Sandviken sist. 

Med poeng er våre menn garantert fornya kontrakt, og kan med siger hamne på 6.plass. Dersom alt skulle slå feil veg; at Os taper, medan Lysekloster, Brann 2, Fjøra og Ready skulle vinne sine oppgjer, så endar sesongen med nedrykk. 

Lysekloster tek i mot Bjarg, Brann 2 møter Stord, Fjøra reiser til opprykksjagande Fana, samt Ready tek turen til Stemmemyren for å avslutte sesongen mot formsterke Sandviken. Herrelaget har skjebnen i egne hender, og skal i følge hovudtrenar Endre Brenne avslutte med stil. 

- Då sitter me på bussen på veg til Sogndal og gler oss til siste seriekamp på Fosshaugane! Me får ei god oppladning på hotel, så gjeld det å vere 100% tilstede og skjerpa til kamp i morgon kl. 13.00. Me er revasjelystne som f*** etter kampen mot Sandviken, og skal avslutte sesongen med ein god prestasjon og 3 poeng!

Niklas Lunde Fosen, Zsolt Korcsmár og Thomas Stene Spilde er utilgjengelig til serieavslutninga grunna skader, medan den ferske norgesmeisteren i maling, Sander Fagerbakke Kvittingen er tilbake frå sitt skadeopphald. 

Me ynskjer herrelaget lukke til i den avgjerande kampen! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 3

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 19 15 0 4 69 33 36 45
2 Askøy Askøy 19 11 6 2 36 21 15 39
3 Djerv 1919 Djerv 1919 19 11 5 3 47 26 21 38
4 Fana Fana 19 10 2 7 51 40 11 32
5 Vard Haugesund Vard Haugesund 19 8 5 6 48 36 12 29
6 Sogndal 2 Sogndal 2 19 8 3 8 51 37 14 27
7 Brann 2 Brann 2 18 7 6 5 40 38 2 27
8 Austevoll Austevoll 19 7 6 6 37 44 -7 27
9 Førde Førde 19 8 3 8 33 41 -8 27
10 Åsane 2 Åsane 2 18 4 6 8 31 40 -9 18
11 Stord Stord 19 3 9 7 35 52 -17 18
12 Gneist Gneist 19 5 2 12 33 54 -21 17
13 Varegg Varegg 19 4 4 11 27 38 -11 16
14 Fyllingsdalen Fyllingsdalen 19 1 3 15 16 54 -38 6

 

Annonse: