Herrelaget med målshow mot Fjøra
Herrelaget innkasserte tre nye poeng etter storsiger 5-1 mot Fjøra på Kuventræ!
Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden.
Herrelaget tok i mot sogningane Fjøra til 3.serierunde på Kuventræ. Det blei målrikt og underhaldande!
- Eg er nøgd med mykje i dag, og det er veldig gledeleg at me skårar måla våre i ulike fasar av spelet. Me var målfarlege både i etablert angrep, på dødball og på kontringar.
— Endre Brenne, hovudtrenar
Kampen starta som eit fyrverkeri - allereie før det var spela 4 minutter hadde begge lag opna skåringskontoen. Herrelaget tok føringa med Thomas Stene Spilde, som åleine med Fjøra-målvakta kontant fant nettmaskene etter gjennomspel av Roger Blokhus Ekeland. Men før jubelen hadde fått lagt seg på tribunen utlikna Fjøra etter ein misforståing i forsvaret og laga var tilbake til utgangsposisjonen.
I det 8.minutt tok herrelaget leiinga på ny. Carl William Lafquist-Lygre viste stor vilje når han heada ballen via keeper og i nettet etter ein dødball. Dette var Lafquist-Lygre sin fyrste nettkjenning for Os. Også denne gang var Ekeland nest sist på ballen - denne gangen med pannebrasken.
10 minutter seinare var rollene frå det fyrste målet bytta om. Ekeland blei sendt på løp i bakrom etter pasning av Spilde. Ekeland utfordra og passerte Fjøra midtstopparen med ein kraftfull overstegsfinte, før han frå kloss hald inne i 5-meteren til Fjøra prøvde å finne ein lagkamerat framom mål. Pasningen gjekk i staden via eit Fjøra-bein og i mål, og Ekeland kunne notere sin tredje målgjevande for dagen.
Os slapp seg så litt nedpå og Fjøra overtok initiativet. Ekeland var svært nære å auke til 4-1 etter eit nydeleg innlegg langs bakken av Kristian Hjelvik Halvorsen. Men Fjøra sin sisteskanse kom seg på kort nok avstand til å redde og avverge nok eit baklengsmål. I motsatt ende var slettes ikkje Fjøra ufarlege heller. Os-målvakt, Kasper Sandven Færøvik, varta opp med fleire kvalifiserte redningar, slik at våre herrer kunne gå til pause med 3-1 leiing.
Ekeland ganger to
Etter ein pust i bakken tok våre menn tilbake initiativet i 2.omgang. Os med Ekeland fekk straffe i det 52.minutt, etter fint gjennomspel av Spilde. Ekeland tok straffen sjølv og ekspederte ballen sikkert i mål.
Ekeland var igjen farleg frampå seinare i omgangen. Fyrst fekk han ein litt for liten touch på ballen når han umarkert i feltet skulle heade innlegget av Halvorsen mot mål, før han på ny var igjennom, men denne gang fekk Fjøra forsvaret avverga. Steffen Kvamsdal fekk også ein stor sjanse når han blei spela igjennom, men keeper redda.
Debutant, Sverre Spangelo Haga, kunne krona debuten med skåring når han smalt ballen forbi keeper og i nettet etter fint forarbeid av Ekeland. Men dessverre for unge Haga hadde kampleiar blåsa av for frispark rett i forkant av skåringa. Me gratulerer uansett med debut! Unge Sebastian Plätzer, som debuterte for a-laget i NM, kom inn til sin fyrste seriekamp.
Trass at Fjøra også hadde eit par farligheter, blant anna eit skot i tverrligger og nokre gode redninger av Færøvik i mål, så hadde våre menn god kontroll på kampforløpet ut kampen. Sigeren var aldri truga, og Ekeland, som blei kåra til dagens osing av ein lokal jury, fastsatte sluttresultatet til 5-1 på overtid.
Herrelaget står etter sigeren med 7 poeng på tre kampar og delt 2.plass på tabellen.
Hovudtrenar Endre Brenne var nøgd med resultatet og innsatsen.
- Me var litt heldige som gjekk til pause med 3-1, men i andre omgang var vi tryggare både med og utan ball, skapte godt med sjansar og vinner stort til slutt. Eg er nøgd med mykje i dag, og det er veldig gledeleg at me skårar måla våre i ulike fasar av spelet. Me var målfarlege både i etablert angrep, på dødball og på kontringar.
Kampfakta:
Norsk Tipping-ligaen avdeling 4
3.serierunde
Kuventræ stadion
Os - Fjøra: 5 - 1 (3-1)
1 - 0: Thomas Stene Spilde 3.min (Roger Blokhus Ekeland)
2 - 1: Carl William Lafquist-Lygre 8 min (Roger Blokhus Ekeland)
3 - 1: Sjølvmål (Roger Blokhus Ekeland)
4 - 1: Roger Blokhus Ekeland
5 - 1: Roger Blokhus Ekeland
Os: Kasper Sandven Færøvik - Torkel Hjertnes, Carl William Lafquist-Lygre, Sander Lønne Dyngeland - Kristian Hjelvik Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Torgeir Lunde, Kristoffer Røttingen - Thomas Stene Spilde og Roger Blokhus Ekeland.
Innbyttarar med speletid:
Rafael Villen for Dyngeland 60 min
Niklas Lunde Fosen for Kvamsdal 73.min
Sebastian Plätzer for Røttingen 83.min
Sverre Spangelo Haga for Spilde 83.min.
Neste kamp: Bjarg på Stavollen, laurdag 28.aug. kl. 14.00!
Norsk Tipping-ligaen avd. 1
Spilt S | Vunnet V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sandviken Sandviken | 26 | 22 | 3 | 1 | 76 | 24 | 52 | 69 |
2 | Bjarg Bjarg | 26 | 22 | 2 | 2 | 86 | 27 | 59 | 68 |
3 | Os Os | 26 | 15 | 2 | 9 | 72 | 40 | 32 | 47 |
4 | Askøy Askøy | 26 | 13 | 8 | 5 | 58 | 42 | 16 | 47 |
5 | Djerv 1919 Djerv 1919 | 26 | 14 | 3 | 9 | 64 | 50 | 14 | 45 |
6 | Førde Førde | 26 | 14 | 3 | 9 | 55 | 48 | 7 | 45 |
7 | Fana Fana | 26 | 13 | 4 | 9 | 62 | 49 | 13 | 43 |
8 | Haugesund 2 Haugesund 2 | 26 | 8 | 5 | 13 | 51 | 53 | -2 | 29 |
9 | Loddefjord Loddefjord | 26 | 7 | 7 | 12 | 55 | 69 | -14 | 28 |
10 | Stord Stord | 26 | 8 | 4 | 14 | 59 | 74 | -15 | 28 |
11 | Åsane 2 Åsane 2 | 26 | 7 | 3 | 16 | 50 | 85 | -35 | 24 |
12 | Frøya Frøya | 26 | 6 | 4 | 16 | 44 | 61 | -17 | 22 |
13 | Årdal Årdal | 26 | 7 | 1 | 18 | 57 | 91 | -34 | 22 |
14 | Florø Florø | 26 | 1 | 1 | 24 | 21 | 97 | -76 | 4 |