Herrelaget møter Fjøra

Laurdag kl. 16.00 tek herrelaget i mot Fjøra til 3.serierunde på Kuventræ! Klarer våre menn å følge opp den gode sesongstarten?

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball. 

Får vi til vårt spill på eit høgast mogleg nivå, så skal Fjøra få løpe litt utpå der.

— Thomas Stene Spilde

Herrelaget har fått ein fin start på sesongen med heimesiger mot Ready og uavgjort mot Fana på bortebane. I begge kampene har laget avslutta med ein mann mindre enn motstandaren, som gjer resultata enda sterkare. I morgon, laurdag 21.aug. kl 16.00 kjem Fjøra på besøk til Kuventræ. 

 

- Me har fått ein fin start på sesongen med 4 poeng på 2 kampar. I begge kampar har me vist stor moral og kampånd der me verkeleg har kjempa for poenga. Det må vidareførast i morgondagens kamp skal me slå eit hardtarbeidande og godt Fjøra-lag. Me går som alltid offensivt til verkst og skal gjere vårt aller beste for å fortsette den gode sesongstarten. Og så må eg takke for den fantastiske ramma rundt Ready kampen med mange på tribuna og god stemning! Skal Kuventræ bli eit fort må me gjenskape dagar som den, seier ein offansiv hovudtrenar, Endre Brenne! 

Thomas Stene Spilde spela ein god kamp mot Fana i førre serierunde. Den fotrappe angriparen er i likhet med Brenne offensiv før 3.serierunde i Norsk Tipping-ligaen. 

- Vi er på heimebane, så vi må bruke den fordelen til det fulle. Får vi til vårt spill på eit høgast mogleg nivå, så skal Fjøra få løpe litt utpå der. Så håper vi sjølvsagt på eitt målshow, for de som tar turen!

Fjøra tapte knepent 3-2 mot Stord på bortebane i serieopnioga, etter overtidsskåring på straffe for stordingane. I den kampen sjokkerte Stord sogningane med to tidlige mål, før Fjøra på imponerande vis kjempe seg tilbake til 2-2 i andre omgang, etterfulgt av eit surt straffemål i mot og nederlag på tampen. Sogningane sin andre seriekamp blei utsatt grunna koronasmitte hos Brann 2. Så me kan vente oss spelesugne gjestar på Kuventræ i morgon. 

Visste du...

...at osingen Steffen Årseth Ljosheim (’97) spelar for Fjøra? Han var del av herrelaget sin tropp fram til somaren 2018. I 2019 vann Os heile 4-0 mot Fjøra på Fosshaugane Campus, men tapte 0-3 på Kuventræ i siste seriekamp det året. Målskårarar for Os i sigerskampen var Rune Mo, Rafal Villen (x2) og Roger Ekeland. Dei to laga møttes også i 2017-sesongen, der Os først slo dei 5-3 på Kuventræ, medan det blei 2-2 i returkampen. Divaldo Cardoso og Erik Kanestrøm skåra to mål kvar og Rafal Villen putta ein gong i vårkampen, og Erik Kanestrøm skåra to mål også i haustkampen.

Roger Blokhus Ekeland er klar igjen for kamp etter eit kort skadeavbrekk, medan fleire andre spelarar også er på veg tilbake frå skade og suspensjon. Desse er ikkje tilgjengeleg mot Fjøra: 

Zsolt Korcsmár, Marius Mikkelsen, Rune Åsheim Mo, Anders Hjelle Havsgård, Niklas Lunde Fosen, Jonas Fagerbakke Hovland, Lars Hadler-Olsen, Sander Fagerbakke Kvittingen og Tobias Nøss. 

Laget trenger din støtte! Vel møtt! 

Os - Fjøra.png

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Sandviken Sandviken 26 22 3 1 76 24 52 69
2 Bjarg Bjarg 26 22 2 2 86 27 59 68
3 Os Os 26 15 2 9 72 40 32 47
4 Askøy Askøy 26 13 8 5 58 42 16 47
5 Djerv 1919 Djerv 1919 26 14 3 9 64 50 14 45
6 Førde Førde 26 14 3 9 55 48 7 45
7 Fana Fana 26 13 4 9 62 49 13 43
8 Haugesund 2 Haugesund 2 26 8 5 13 51 53 -2 29
9 Loddefjord Loddefjord 26 7 7 12 55 69 -14 28
10 Stord Stord 26 8 4 14 59 74 -15 28
11 Åsane 2 Åsane 2 26 7 3 16 50 85 -35 24
12 Frøya Frøya 26 6 4 16 44 61 -17 22
13 Årdal Årdal 26 7 1 18 57 91 -34 22
14 Florø Florø 26 1 1 24 21 97 -76 4

Annonse: