Herrelaget skuffa stort i siste heimekamp

Det blei ikkje den sesongavslutning på Kuventræ som herrelaget hadde håpa på - Sandviken var overlegne og kunne juble for storsiger!

(Kristoffer Røttingen skåra Os sitt einaste mål. Foto: Hordalandsfotball)

Os starta brukbart, men etter at Sandviken sette inn leiarmålet i det 9.minutt og attpåtil dobla leiinga på Os sitt avspark minuttet etter, spreidde det seg ein guffen usikkerhet på Kuventræ. Våre menn var rysta, og vondt blei til verre når Sandviken kontra inn 3-0 i det 18.minutt.

Kristoffer Røttingen reduserte til 3-1 fem minutter seinare, men det var ingen tvil om at dette var Sandviken og ikkje Os sin dag. I det 33.minuttet måtte nemleg Os hente ut enda ein ballen frå eige nett. Gjestene hadde no altså skåra 4 mål på 22 minutt, frå 09. til 33. minutt!

Os trilla ball litt raskare etter pause, men skapte uvanleg få sjansar. Sandviken sprang inn 5-1 etter timen spelt, som også blei sluttresultatet. Ein tung dag på bana for våre menn, som kom skeivt ut frå start, og Sandviken vann fullt fortent. 

No ventar ein thriller av ein sesongavslutning. Heile sju lag, inkludert Os, har alt på spel for å ikkje hamne på den siste nedrykksplassen. Våre menn reiser til Sogndal for å møte allereie nedrykksklare Sogndal 2. Os fornyar garantert kontrakten med poeng. Med siger kan laget sikre 6.plassen. 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Haugesund 2 Haugesund 2 3 1 1 1 3 3 0 4
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
12 Frøya Frøya 3 0 0 3 2 8 -6 0
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

Annonse: