Herrelaget tilbake på vinnarsporet

Herrelaget kunne sleppe jubelen laus etter 3-2 siger mot Stord!

Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball

Herrelaget tok i går i mot Stord til den niende serierunden i Norsk Tipping-ligaen. Det var gjestane som kom best i gang og etter 8.minutter gjekk Stord i føringa. Baklengsmålet verka som ein vekkar for våre menn, for etter åpningskvarteret handla det meste om Os. 

- Den siste halvtimen i 1.omgang var muligens årsbeste for oss

— Endre Brenne, hovudtrenar

Dobbel frå Spilde

Etter 20 minutter varta vertene opp med eit mønsterangrep. Kristian Halvorsen fann Anders Hjelle Havsgård på løp på høgreflanken. Backen skaut så innlegget inn langs bakken mellom Stord-forsvaret og keeper der Thomas Stene Spilde stupte inn og sette utlikningsmålet. Eit mål henta frå læreboka med høg kvalitet og tempo i pasningar og bevegelsar. 

Os hadde fått blod på tann og dura på vidare. Kort tid etter utnytta Os ubalanse hos gjestane og kontra med høgt tempo. Igjen fann Havsgård kollega Spilde, men denne gang traff avslutningen stolpen. Like før pause fekk Spilde på ny sjansen til å bli tomålsskårar. Etter innlegg frå venstreback, Sander Lønne Dyngeland, kunne lynvingen enkelt sende Os til pause i føringa. Kampen var snudd! 

2. omgang starta som den fyrste. Stord kriga inn 2-2 på corner etter klabb og babb i feltet i det 53.min, før stordingane også var nære på å ta leiinga etter eit gjennomløp. Kampen bølgja så fram og tilbake med store sjansar til begge lag. Roger Blokhus Ekeland og Viktor Mendonca Wikheim hadde blant anna kvar sin store moglegheit, samtidig som Kasper Sandven Færøvik varta opp med eit par tigersprang i motsett ende. Det stod og vippa, og heldigvis for alle med hjarte for Os, sørga Niklas Lunde Fosen for at det vippa i Os sin favør. Lunde Fosen gjorde alt sjølv, dro av ein mann og klinka ballen til side for Stord sin sisteskanse frå 20 meter i det 71.min.  

Stord pressa på for utlikning på slutten, men våre menn stod i mot og kunne slippe jubelen laus for siger og tre poeng! Det var tydeleg at den smakte godt, og Os passerte med det Stord på tabellen og har heng på laga på øvre halvdel. 

Blant mange gode kandidater blei kaptein, Torgeir Lunde, kåra til dagens osing av ein lokal jury. Nok ein bunnsolid kamp av Os-kapteinen som kan nyte ein betre middag på Havnechefen som premie. 

I neste kamp kjem Årdal på besøk til Kuventræ, laurdag kl. 16.00! Me gler oss allereie! 

Kampfakta: 

Os - Stord 3-2

Mål: Thomas Stene Spilde (20´, 44´) og Niklas Lunde Fosen (71´) 

Laget frå start: 

Kasper Sandven Færøvik - Anders Hjelle Havsgård, Torgeir Lunde, Jonas Fagerbakke Hovland, Sander Lønne Dyngeland - Kristian Hjelvik Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Viktor Mendonca Wikheim, Niklas Lunde Fosen - Thomas Stene Spilde og Roger Blokhus Ekeland. 

Innbyttarar med speletid: Torkel Hjertnes, Kristoffer Røttingen og David Cardenas Trias.

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Frøya Frøya 3 1 0 2 5 7 -2 3
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Haugesund 2 Haugesund 2 3 0 1 2 2 6 -4 1
12 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

 

Annonse: