Historisk avtale med MagnorVinduet!

MagnorVinduet har i årevis vore generalpartnaren til klubben. No har det tradisjonsrike firmaet gjeve oss ein fantastisk julepresang med forlenga og auka engasjement!

Skaathun-familien har stolte tradisjonar med å støtte Os Fotball, noko dagleg leiar i MagnorVinduet, Ole-Vidar Skaathun har vidareført. Bestefar til Ole-Vidar, Nils Lyssand, dreiv Lyssand Treindustri og var tidlegare sponsor til Os. Ole-Vidar med MagnorVinduet kom på bana i 2010, i ei svært vanskeleg tid for klubben, som hjalp klubben til å karre seg på beina att! Sidan den gong har MagnorVinduet vore klubbens 12.mann - ein ekte og trufast samarbeidspartnar i tjukt og tynt! 

På Os Fotball-gallaen i 2018 mottok Ole-Vidar Skaathun og MagnorVinduet ein velfortent hyllest for deira viktige støtte gjennom mange år! At firmaet, som er klubbens generalpartnar, no ynskjer å forlenge med tre nye år og attpåtil auke si økonomiske støtte, midt i ein pandemi, er fantastisk! Me kunne ikkje ynskja oss ein betre julepresang! Me er utruleg takksame for MagnorVinduet si støtte, som er med å gje born, unge og vaksne eit betre fotballtilbod!

Om MagnorVinduet

MagnorVinduet produserer og leverer framtidsretta vindu- og dørløysinger der kvalitet, design og holdbarhet står heilt sentralt. Produkt frå MagnorVinduet har ei dokumentert levetid på 60 år og er utvikla og produsert i Noreg av eit heil-eigd norsk selskap. 

H-Vinduet Magnor AS blei etablert av H-gruppen i 1982. Spilka, som var hovudaksjonær i H-gruppen, solgte saman med dei andre eigarane fabrikken og selskapet til bergenseren Sveinung Skaathun sitt selskap, H-tre AS, i 1994. I 2007 overtok son til Sveinung, Ole-Vidar Skaathun (med selskapet Dahlsveien Holdning AS), alle aksjene i H-Vinduet Magnor AS.

MagnorVinduet har fabrikk og avdeling for produksjonsutvikling i bygda Magnor, nær svenskegrensa 3 mil sør for Kongsvinger. Administrasjon og salgsavdeling ligg i Fana. 

Selskapet produserer det orginale H-vinduet, Norges mest kjente vindu, som fekk kallanamnet "husmorsvinduet". H- kjem frå formen på hengslane, som gjer at vinduet kan svingast 180 grader rundt, medan "husmor" kjem frå at ein takka vere H-hengslane enkelt kan snu vinduet rundt og vaske utsida av vinduet frå innsida av huset. 

MagnorVinduet er eit høgteknologisk vindu bygga opp av fuktbestandig materiale i heile vinduets fuktsone, som gjer at det held seg stabilt og vakkert over lang, lang tid. Vinduet er vedlikeholdsfritt og har ein levetid på over 60 år! 

Orda frå vår tidligare dagleg leiar, Knut Haddal, i Os Fotball-bladet i 2015 er like passande i dag;

"Vi i Os Fotball inspireres av selskapet (MagnorVinduet) sin grundighet, kvalitet og langsiktighet. Det er det samme elementene vi jobber med hver eneste dag for å utvikle produktet Os Fotball"

Me ser fram til vidare samarbeid i åra som kjem!

3960763205.jpg
Gjensidig kjærleik! Ole Vidar Skaathun og MagnorVinduet er ein utruleg viktig støttespelar for Os Fotball (Foto: Benjamin Søgnen Olsen, Os og Fusaposten).
 

 

 

 

Annonse: