Informasjonsmøte om toppidrett fotball valgfag
Frå hausten 2021 vil det vere mogleg å velja toppidrett fotball som valgfag på Os Gymnas. I morgon, tysdag 16.februar kl. 19.00, blir det digitalt informasjonsmøte!
Fotballtilbodet vil bestå av to teoretiske timer som vil foregå på gymnaset, medan fotballøktene vil foregå i regi Os Fotball på Kuventræ. Som namnet tilseier skal dette vere eit toppidrettstilbod og det blir stilt krav til ferdigheter og nivå.
- Vi vil legga til rette for utøvarar som ynskjer å utvikla seg, og som søker ekstratilbod utover det dei har i eigen klubb, seier dagleg leiar Endre Brenne før han legg til.
- Me vil skreddersy for utøvarane. Me vil trena tidleg på dagen, slik at utøvarane er mest mogleg førebudd til trening med sine respektive klubbar på ettermiddagen òg.
Frist for å melde interesse er 1.mars
Toppidrettstilbodet er godtatt frå skulen si side, men det må vera nok søkjarar til at det faktisk skal bli eit tilbod til hausten. Dette vil i fyrste omgang vere eit tilbod på VG1 og VG2.
- Vi er avhengige av at det er eit interessegrunnlag for dette tilbodet, og det er då sett ei ramme på at det er minimum 20 søkjarar til toppidrettstilbodet. Men vi kjem til å vera ærlege med søkjarane, ved å setja ei frist for interessa, vi vil gjera opp status innan 1. mars. Då har vi moglegheit å melda tilbake til søkjarane om det vil bli eit toppidrettstilbod til hausten eller ikkje, sa Rune Rosland, assisterende rektor på Os Gymnas, i intervju med Midtsiden tidligare i veka.