Inka ny samarbeidspartner
Det er alltid stas når gode krefter finn kvarandre – og no kan Os Fotball gle seg over ein ny, sterk medspelar i Inka AS.
Inka går inn som samarbeidspartnar for Sparebanken Norge Os Akademiet, og med ei treårig avtale på plass får ungdomssatsinga i regionen eit skikkeleg løft.
Inka held til på Røtinga i Os og leverer ferske og berekraftige sjømatprodukt til bedriftskunder i Noreg og globalt. Selskapet er kjent for høg kvalitet, ansvarleg fangst og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet. Bedrifta tel over 170 fast ansatte i dag. Karsten Austevoll grunnla Inka AS i 2002, og dottera Kari Marie A. Lyssand har teke over som dagleg leiar.
— Det er utruleg kjekt når lokale aktørar som Inka ønskjer å vere med og løfte ungdomsarbeidet vårt, seier Endre Brenne, dagleg leiar i Os Fotball.
— Denne avtalen gjev oss endå betre moglegheiter til å utvikle spelarar frå heile regionen rundt Bjørnafjorden. Når næringslivet bidreg med både engasjement og støtte, betyr det mykje for spelarutviklinga vi satsar på.
Kari Marie A. Lyssand frå Inka seier at samarbeidet er heilt i tråd med verdiane deira:
— Vi vil gjerne bidra der barn og unge får utvikle seg, oppleve meistring og ha det kjekt i lag. Akademiet til Os Fotball skaper ein viktig utviklingsarena for dei ivrigaste og er åpen for alle – og det ønskjer vi å støtte.
— For oss handlar dette om å vere ein positiv kraft i lokalsamfunnet, og om å investere i dei som kjem etter oss.
Avtalen vil styrke treningskvardagen og den faglege oppfølginga i akademiet, og sikre at Os Fotball kan gi eit godt utviklingstilbod til unge spelarar i regionen.
Les meir om våre nyaste støttespelar Inka.
