Invitasjon til cup for gatelag på Kuventræ

Laurdag 27.august kan me endeleg invitere til cup for gatelag igjen på Kuventræ!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

"Kjempesuksess – fantastisk dag! Det blei ein nydelig ramme med sol, store smil og god stemning. Det var tydeleg at det betydde mykje for alle involverte og me fekk gode tilbakemeldinger frå alle som kom på besøk, både me tanke på velkomsten og opplegget", sa initiativtaker Tor Arne Hitland etter å ha gjennomført historiens fyrste nasjonale cup for gatelag på Kuventræ i november 2019. No kan me, i samarbeid med Livskvalitet Os - Vartun Oppfølgingstenester, endeleg følgje opp suksessen og invitere til ny gatelagscup på Kuventræ laurdag 27.august! 

Les om suksessen ved førre cup her: Vellukka cup for gatelaga: - Kjempesuksess!

Det vil bli lagt opp til 5v5-turnering på kamper a 2 x 12 minutter. I utgangspunktet startar cupen kl. 10.00, med påfølgende sluttspel og finale. Det blir i tillegg til fotballturnering, andre aktiviteter, åpen kiosk og fri varmlunsj/felles middag etter cupen. 

Påmelding kan sendes til marius@osfotball.no med lagnavn (klubb/organisasjon), samt kontaktperson med tlf.nr og mail. 

Påmeldingsfrist: Søndag 21.august. Meld på to lag om mange spelarar. Gratis påmelding.

Dette blir magisk! Velkommen til gatecup på Kuventræ! 

 

Her er eit par blinkskot frå førre cup (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Annonse: