Jenteløft: Rekordmange jenter på klubbens ekstratilbod!
Ekstratiltaka for jenter har vore ein stor suksess, og me opplever stor aukning av jenter på FFO Jentefotball og Jenteakademiet - og jentene stråler av fotballglede!
Klubbens Telenor Xtra fotballfritidsordning har gjennom årenes løp opplevd ein stor aukning i antall deltakarar, men med klar overvekt av påmeldte gutar.
Som tiltak for å få fleire ivrige jenter på banen har klubben dei siste åra starta opp eigne tilbod for jenter; Jenteakademiet og FFO Jentefotball, med mål om å skape ein felles arena for jenter på tvers av skule og alderstrinn. Disse tilboda er blitt teke godt i mot, og det er enormt gledeleg at 50 ivrige jenter no deltek på ekstratreningar på dagtid i regi av Os Fotball kvar veke! Hovudansvarleg for aktiviteten er A-lagstrenar på kvinnesiden, Ørjan Sandal, som ser lyst på framtida til jentefotballen i Os!
- Vi er blitt ein stor og ivrig gruppe fotballspillere på FFO Jentefotball og Jenteakademiet, som trenar kvar onsdag og fredag på dagtid på Kuventræ. Vi har det kjempekjekt og jentene jobber dedikert for å utvikle seg, seier Ørjan Sandal.
På begge tilboda får deltakarane mat før treningsøkta, etterfulgt av trening med utdanna trenarar. Trivsel, mestring, samhald, haldningar og utvikling på og utafor banen, er sentralt. Sandal presiserer at det er plass til enda fleire ivrige jenter på tilboda.
- Vi ønsker å bygge opp eit stort jentemiljø på fotballbanen på Kuventræ, og ønsker fleire jenter hjertelig velkommen. Det er berre å bli med om du har lyst å spele meir fotball, saman med mange andre ivrige spelarar!
Me tilbyr transport til Kuventræ når skuledagen er over, og alle deltakarane får tilbod om å bestille ein stilig utstyrspakke. Les meir om tilboda og påmeldingsinformasjon her:
PÅMELDING OS JENTEAKADEMI
Os Jenteakademi er eit ekstratilbod etter skuletid om fredager til ivrige jenter i alderen 5. - 8.klasse.
FFO JENTEFOTBALL
FFO Jentefotball er eit ekstratilbod etter skuletid om onsdager for aldersgruppa 2 - 5.klasse.
Det er også sjølvsagt mogleg for jenter å delta på våre andre ekstratilbod, og kombinere med jentetilboda.
Velkommen!