Johs. Sælen & Sønn aukar støtta i ny fleirårig avtale
Tribunepartnar og mangeårig samarbeidspartnar, Johs. Sælen & Sønn, aukar støtta til klubben i ny treårsavtale!
Johs. Sælen & Sønn AS har vore ein solid støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og det er ei stor glede at det tradisjonsrike stålfirmaet vil bidra med å styrke Os Fotball også dei neste tre åra!
- Me er opptekne av at born og unge skal ha eit godt aktivitetstilbod, noko ein får på Kuventræ. Me synst difor det er veldig kjekt å støtte Os Fotball, seier dagleg leiar Tore Sælen etter inngåelsen av nytt samarbeid med Os Fotball.
Stålfirmaet har vore ein sterk delaktig samarbeidspartnar i utviklinga av anlegget, spesielt med taktribunen, som alle våre besøkande på Kuventræ set stor pris på. Her kan ein blant anna sitte tørrskodd på Johs. Sælen & Sønn - feltet!
Johs. Sælen & Sønn AS er ein stålentreprenør med lange tradisjoner, der Sælen-familien har arbeida med stål sidan 1859! Nåverande selskap blei starta opp i 1978 av Johannes Sælen og sonen hans, Bjørn Sælen. I dag er det Bjørn sine soner, Tore og Raymond, som driv selskapet.
Johs. Sælen & Sønn tek dei fleste utfordringer innan stålarbeid på strak arm, og utfører både montering og produsering av stålkonstruksjoner, trapper og rekkverk, samt sveiseoppdrag. Dei leverer også komplette råbygg.
Me set stor pris på Johs. Sælen & Sønn AS si mangeårige støtte, og gler oss til eit st(r)ålande samarbeid vidare!