Jubel for fotballoppstart for 2016-kullet
Breie smil og stor fotballglede når 5-åringane blei invitert til fotballstart i Os Fotball!
Det var mange 5-åringar som lenge hadde gleda seg til fotballstart, og måndag 20.september var dagen endeleg her. Over 20 ivrige fotballspirer, jenter og gutar, stilte med stor iver, sprudlende energi og godt humør.
Marius Haugland Mikkelen, FFO-leiar med meir i klubben, gjennomførte oppstartsdagane. Han fortel om ein vellukka oppstart!
- Dette var ein strålande fotballstart! Det var fantastisk energi og fotballglede, og eg håper og trur oppstarten har gjeve meirsmak, seier Mikkelsen.
Han fortel at fotballglede, tryggleik og mestring var i fokus, samtidig som ein alltid skal prøve å sjå alle born og gje gode opplevingar. Treninga for dei minste skal vere lystbetont og gøy!
- Det er også veldig gledeleg at fleire frå foreldregruppa har meldt interesse om å bidra rundt 2016-kullet. Klubben er heilt avhengig av frivillig innsats for at fotballspirene våre får eit trygt og godt fotballtilbod. Og jo fleire som engasjerer seg, jo lettare er det å sjå alle born, og tilrettelegge for mestring og fotballglede, avslutter Mikkelsen.
2016-kullet held fram med å trene måndager kl. 17-18 på Kuventræ bane 3 (med løpebane rundt), og her er alle hjertelig velkommen! Etter haustferien startar gruppa å trene inne. Tid og sted er ikkje avklart, men kjem innan kort tid.
Bidra som frivillig?
Om du kan bidra som trenar, lagleiar, i ein arrangementskomite eller noko anna er du hjertelig velkommen. Våre medlemmer treng deg! Alle lag bør minimum ha ein trenar per sjette spelar, ein oppmann og ein som er ansvarleg for sosiale aktiviteter. Jo fleire, jo betre – og ein treng ingen erfaring frå fotball for å vere ein flink trenar eller leiar i barnefotballen. Klubben, med Marius Mikkelsen vil vere tilgjengeleg for oppfølging av det sportslege, med øktplaner, rettleiing, organisering av ei treningsøkt og diverse. Nye trenarar får også grunnleggende grasrottrenarkurs gjennom klubben.
Os Fotball – ein klubb for alle!
I Os Fotball blir du ein del av eit trygt og godt fellesskap med fokus på samhald, vennskap, glede, mestring og utvikling – av fotballspelaren og mennesket!
Os Fotballs visjon er nemleg «trygghet, fotballglede og utvikling for alle» og kjerneverdiene våre er inkluderende, levende, ambisiøs og humør.
Klubben arbeider aktivt for å ivareta alle uavhengig av funksjonsevne, kjønn, etnisitet og betalingsevne. Me har blant anna eit inkluderingsfond for å unngå utenforskap grunna manglande betalingsevne. Ta kontakt ved spørsmål.
Spørsmål kan rettes til Marius Mikkelsen
Mail: marius@osfotball.no
Tlf. 47709118
Følg Os Fotball på facebook, Instagram og osfotball.no for meir informasjon.
VELKOMMEN TIL OS FOTBALL!