JULEGAVEHJELP I BJØRNAFJORDEN - SPLEIS MED OSS!

AMFI OS og Os Fotball ynskjer å spre litt ekstra juleglede i lokalsamfunnet i år, og har starta spleisen "Julegavehjelp i Bjørnafjorden"!

Det har vore eit utfordrande år, og jula er vanskeleg og kontrastfylt tid for mange. Spesielt i år er det langt fleire som har det tøft etter permitteringer eller ein er blitt arbeidsledig. Difor ynskjer me, ved hjelp av "Julegavehjelp i Bjørnafjorden" å bidra med julegavehjelp til dei som treng det!

Har du lyst å vere med å gi?
Saman har me allereie gjeve 10 000 kr og håper så mange som mogleg har lyst å vere med å bidra. Dersom din bedrift eller du som privatperson har litt ekstra å gje i år, er det til stor hjelp for dei som har lite. Det trenger ikkje vere store beløp - alle små er til god hjelp. Pengane som blir samla inn blir brukt til å handle julegaver frå butikkane på senteret. Les meir om korleis du kan bidra på spleis-lenkja under.

Og skulle du vere ein av dei mange som treng vår julegåvehjelp i år, håper me du ikkje nøler med å sende inn dine julegåveønsker i skjemaet

Det er mogleg å delta i spleisen fram til tysdag 15. desember kl. 17.

Spleis: Spleis - julegavehjelp

Me håper de har lyst til å vere med og spre juleglede i ein vanskeleg tid!

Med vennlig førjulshelsing frå
Amfi Os og Os Fotball

Julegavehjelp-brev

 

Annonse: