Kameratskap og fotballglede på junior 2-trening

Latter, smil, gode kommentarer, kameratskap og fotball - det er dette som møter deg på junior 2-trening! No oppmodar trenarduoen, Stian Nyhus og Henrik Bjørø, fleire til å hive seg med i det gode miljøet!

Stor trivsel og plass til fleire
Junior 2 teller i dag 15-16 spelarar og har eit fellesskap med stor trivsel og kameratskap.

- Det er veldig artig at 2003-kullet, som me har fulgt sidan dei var små, er blitt så samansveisa og fortsatt held saman. Dei aller fleste har vore med sidan fotballoppstart og dei har det utruleg kjekt i lag. Stemninga er alltid på topp", seier ein samstemt trenarduo.

Gruppa består i dag hovudsakleg av 2003-gutar, og dei er veldig åpne for fleire lagkamerater, både frå årgangene 2004 og 2002. Måndag kveld ynskja gjengen ein ny gut velkommen inn i gruppa.

Junior 2 trenar måndag og onsdag kl. 19.30 til 21.00 på Kuventræ bane 2.

Trenerduo med lang fartstid i klubben
Frivillig innsats er idretten sitt grunnfjell og me er utruleg heldige som har mange flinke, engasjerte foreldretrenarar, som gjev born og unge i Os Fotball eit godt og trygt fotballtilbod. Stian Nyhus og Henrik Bjørø har vore trenarar for fleire av borna sine i klubben og trakka utallige timer på Kuventræ.

- Eg har no gått å trakka her siden eg var 6 år, seier Bjørø med eit glimt i auga, til begeistring frå trenerkollega Nyhus

Bjørø er vaskekte Os-gut og spela for herrelaget frå midten av 90-talet til nokre år inn på 2000-talet. Han har trena både 2006- og 2003-årgangen, som han har fulgt frå dei var små fotballspirer. Medan Bjørø snakkar med underteikna gjev han instrukser til spelarane som er godt i gang med possession-øvelse i bakgrunnen.

- Han har vore som ein far for oss, kjem det frå ein spelar retta mot Bjørø midt i øvinga - til latter og smil frå trenarane. Eit godt bilete på både steminga og samhaldet i gruppa!

Stian Nyhus kjem frå Skjåk i Gudbrandsdalen og er gift med ei dame frå Os. Nyhus har i likhet med trenarkollegaen fulgt 2006- og 2003-kulla; 2003-kullet har han fulgt sidan 2010, medan han fulgte 2006-gjengen fram til i fjor. Han har i tillegg vore med 2000-årgangen frå 2014 til 2017 (2.laget) og i fleire år vore med i styret til Os Fotball.

- Eg hadde nokre år der eg var på Kuventræ kvar einaste ettermiddag, legger Nyhus til.

Bjørø og Nyhus kjenner kvarandre godt og utfyller kvarandre godt. Bjørø har hovudansvar for det sportslege, medan Nyhus er flink med det orginatorsike rundt laget.

Når duoen får spørsmål om kva som er det mest givende som fotballtrenar er det kameratskapet og fellesskapet som står høgst.

- Det er utruleg kjekt at gutane har det så artig i lag. Det er stor kontinuitet på trening, og det er alltid god stemning og fotballglede uavhengig av resultat.

- Det er også artig å bli godt kjent med kompisene til borna våre, og at dei får sunn og god aktivitet.

Det er dette fotball handler om; skape gode opplevelser, mestring, utvikling, livslang aktivitetsglede, vennskap og tilhørighet, uansett ferdighetsnivå eller ambisjonar. Bjørø og Nyhus har gjort og gjer ein strålande frivillig innsats i klubben - det er mange born og unge enormt takksame for!

Vil du, eller kjenner du ungdommer som vil byrje på fotball igjen, er alle hjertelig velkommen på trening med junior 2 måndager og onsdager kl. 19.30 - 21.00 på Kuventræ bane 2.

Flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg!

Annonse: