KLARE FOR SERIESTART

I morgon er det endeleg duka for seriestart for herrelaget i Norsk Tipping-ligaen!

(Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball)

- Trass ein del spelarar på skadelista mønstrer me eit solid lag med mykje kvalitet, der målet er soleklart; 3 poeng i fyrste kamp!

— Endre Brenne, hovudtrenar

Herrelaget tek laurdag kl. 14.00 i mot Ready til serieåpning på Kuventræ. Det er begge lag si fyrste seriekamp sidan oktober 2019, så det kan tenkes det kribler godt i kroppen hos både spelarar, støtteapparat, supportarar, og alle involvert i og rundt begge lag. Hovudtrenar, Endre Brenne, er offensiv før seriepremieren. 

- Me gler oss enormt til å starte sesongen! Siste treningskamp mot Sandviken viste tydeleg at me har noko spennande på gang, og no gjeld det å frigjøre energi, vere oss sjølve 100% og gje full gass! Ready er eit nytt og spennande bekjentskap som me ynskjer velkommen til Kuventræ. Trass ein del spelarar på skadelista mønstrer me eit solid lag med mykje kvalitet, der målet er soleklart; 3 poeng i fyrste kamp! 

Som Brenne er inne på, viste herrelaget seg frå ei betre side i generalprøven mot Sandviken førre helg enn det dei fekk fram mot Øygarden i NM-kampen. Mot Sandviken varta herrene våre opp med fleire vakre angrep og skåringar, i ein kamp Os vann 4-2. 

Rune Åsheim Mo var ein av dei som noterte seg i målprotokollen førre helg etter eit nydeleg angrep. Han gler seg stort til morgondagens kamp og trur det blir ein fartsfylt og underhaldande duell. 

- Det er veldig kjekt å møte eit nytt lag, og eg forventar ein tøff kamp! Eg trur alle østlandslaga er bra i år. For vår del må me fortsette å bygge vidare på det som har vore positivt dei siste månadane. Då er eg sikker på det blir ein fartsfylt kamp med mykje godt Os-spel! 

Ready spela nyleg, for fyrste gang i klubbens historie, 2. runde i cupen. Mot Eliteserielaget Strømsgodset blei det eit knepent 1-0 tap for laget som gjester Kuventræ i morgon. 

Visste du...

at fleire osingar har spela for morgondagens motstandar Ready? 
Både Håkon Lepsøy, Gunnar Moberg og Ole Moberg spela fleire sesongar i Oslo-klubben. Då Gunnar og Ole flytta til Oslo i 1969 for å studere henholdvis politi og fysioterapi, tipsa Håkon Lepsøy gutane om Ready-klubben. Han hadde spela for dei tidligare. Gunnar og Ole spela for Ready i perioden 1969-72, og var med på opprykk frå nivå 3 til nivå 2. 
Vel heime igjen i Os blei dei viktige bidragsytarar for herrelaget til Os som storspela på 70-talet, inkludert eit år på øverste nivå (dagens Eliteserie) i 1975. 

Me håper å sjå deg til seriestart, laget treng di støtte! Torgeir Lunde er klar, og håper på god hjelp frå tribunen! Vel møtt!

 


 

 

 

Annonse: