Knepent tap mot Fyllingsdalen

Herrelaget pressa på for utlikning, men det ville seg ikkje mot Fyllingsdalen.

Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball. 

Fyllingsdalen starta kampen best, og det måtte ein baklengs til for at våre menn også ville vere med på moroa i regnvêret på Varden Amfi. 

- Fyllingsdalen starta betre enn oss, og skåra på ein daudball etter ein halvtime. Men siste kvarteret i 1.omgang kom me oss, og skapte nokre farligheter. Det var difor bittert at Fyllingsdalen, på litt unødvendig vis, dobla tidleg i 2.omg, seier hovudtrenar Endre Brenne. 

Os hadde initiativet i kampen etter kvilen og reduserte med Roger Blokhus Ekeland i det 72.min. Derifrå og ut, var det våre gulkledde som pressa på for utlikning. Det var svært nære ved fleire anledninger, men tida rann ut og ein måtte erkjenne at marginane ikkje var på Os si side denne gangen - og sesongens andre tap var eit faktum. 

- Me var ikkje heilt skarpe, men det var heller ikkje Fyllingsdalen synst eg. Samla sett var det ein jamn kamp, og eg er skuffa over at me måtte reise tomhendte heim, avslutta Brenne. 

Kampfakta: 

Fyllingsdalen - Os: 2-1 

Målskårer Os: Roger Blokhus Ekeland. 

Laget: Kasper Sandven Færøvik - Sander Lønne Dyngeland, Torgeir Lunde, Carl William Lafquist-Lygre, Anders Hjelle Havsgård - Kristian Hjelvik Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Rune Johan Åsheim Mo, Viktor Mendonca Wikheim - Thomas Stene Spilde, Roger Blokhus Ekeland.

Innbyttarar med speletid: Niklas Lunde Fosen, Kristoffer Røttingen, Lars Hadler-Olsen.

Me gratulerer Lars Hadler-Olsen med debut for Os A-lag!

Neste kamp for herrelaget er laurdag kl. 14.30 mot serieleiar Frigg på Kuventræ! Klarer våre menn å bli det fyrste laget til å slå serieleiarane frå Oslo? Då trenger dei den 12 mann på tribuna! Sett av tida og hjelp herrelaget tilbake på vinnersporet! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Haugesund 2 Haugesund 2 3 1 1 1 3 3 0 4
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
12 Frøya Frøya 3 0 0 3 2 8 -6 0
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

Annonse: