Komfortabelt avansement i NM-kvalikken
Laurdag gjesta herrelaget Sund til sesongens fyrste tellande kamp når eit avansement i NM låg i potten.
Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.
Herrelaget sparka sesongen i gang når dei møtte Sund frå 4.divisjon i fyrste hinder på vegen til NM. Kampen starta avventande frå begge lag før våre menn gradvis festa eit grep om kampen. Thomas Stene Spilde, som spela mot sine tidligare lagkamerater, fekk den fyrste store sjansen. Han kom seg fri i Sund sitt målfelt, men vertene fekk avverga med eit naudskrik.
Etter eit par småfarligheter dukka så årets spelar i 2021 opp etter halvtimen spelt. Torgeir Lunde var på rett stad til rett tid og sendte Os i føringa etter ein retur frå Sund-målvakten.
Midtbanekollega Steffen Kvamsdal ville også vere med på leiken. Etter fine kombinasjonar med Roger Blokhus Ekeland, trengte løpsmaskinen igjennom Sund-forsvaret og satte ballen i nettet. Dessverre stilna jubelen kjapt i det linjemannen signaliserte for offside og målet blei underkjent. Kvamsdal var på farten igjen kort tid etter, men makta ikkje å overliste sisteskansen på andre forsøk, og laga gjekk dermed til pause på stillinga 0-1.
Sperrevik-dobbel punkterte kampen
Sund meldte seg meir på i starten av andre omgang, men når ein Sund-forsvarar etter timen spelt blei sendt i dusjen etter å ha pådrege seg sitt andre gule kort for dagen, blei det betydelig vanskeligere for vertene.
Så var det Henrik Tysse Sperrevik sin tur til å vise seg fram. I det 72.minutt auka han sikker til 2-0 åleine med keeper, før han fire minutter seinare på eigenhånd broderte seg vakkert forbi svimle Sund-forsvarar og smalt inn sitt andre for dagen.
På tampen fekk Os tildelt eit straffespark som fjorårets toppskårar, Ekeland, sikkert ekspederte i mål. Spissen fastsatte dermed sluttresultatet til 0-4, og Os er vidare til det siste hinderet før 1.runde i NM. Kven som blir motstandar i 2.kvalikkrunde blir trukket i løpet av kort tid.
I tillegg til vidare avansement var det også svært gledelig med mange lokale debutanter. Me gratulerer Magnus Spangelo Haga (2006), Kaspar Klett Døsen (2004) og Jonathan Mjånes Lund (2005) som alle fekk sin offisielle debut for A-laget med innhopp det siste kvarteret av kampen! Dessutan fekk Sverre Spangelo Haga (2004) og Sebastian Tysse Plätzer (2005) sin fyrste offisielle kamp frå start.
Tusen takk til alle frammøte Os-patrioter som støtta herrene våre vidare - sterkare saman! Det er deilig å vere i gang, me gler oss til fortsettelsen!
Os sitt lag:
Kasper Færøvik - Anders Hjelle Havsgård, Marius Haugland Mikkelsen (K), Sander Lønne Dyngeland - Thomas Stene Spilde, Torgeir Lunde, Steffen Kvamsdal, Sverre Spangelo Hagen - Sebastian Tysse Plätzer, Henrik Tysse Sperrevik - Roger Blokhus Ekeland.
Innbyttarar:
Erlend Østgulen Hevrøy, Rune Åsheim Mo (inn 63.min for Plätzer), Magnus Spangelo Haga (inn 77.min for bror Haga), Jonathan Mjånes Lund (inn 77.min for Mikkelsen) og Kaspar Klett Døsen (inn 77.min for Sperrevik).
Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.