Kompetanseløft: Velluka trenarkurs i barnefotballen!
Os Fotball har hatt stort fokus på kompetanseheving dei siste åra. Det er dermed svært gledeleg at våre ferske trenarveiledere i Os Fotball og Nore Neset er godt i gang med kursing av trenarar i bygda!
Kompetanseheving, deriblant trenarutdanning, har vore sterkt prioritert dei siste åra. Det har resultert i at stadig fleire av våre trenarar har trenarkurs av ulik grad, administrasjon og styret har gjennomført fleire leiarkurs, samt at fleire har fullført NFF Hordaland sitt trenarveilederprogram.
Ann Josefin Olafsen Bakke er ei av dei som har fullført trenarveileder-utdanninga, som gjer at ho kan halde trenarkurs sjølv. Med sin kompetanse er ho no engasjert som trenarveileder i Os Fotball, og klubben kan dermed blant anna gjennomføre trenarkurs på eigahand.
Saman med Martin Eidsvik i Nore Neset, som også er utdanna trenarveileder, arrangerte dei nyleg NFF Grasrottrenaren delkurs 1 på Kuventræ, før delkurs 2 står for tur i neste veke. Dette er Ann Josefin og Martin sine fyrste kurs som rettleiarar, og høster gode skussmål frå kursdeltaker og tidligare ungarsk landslagsstopper Zsolt Korscmar.
- Vi har to flinke trenarveiledere som har eit godt opplegg. Vi har fått mange faglege diskusjonar, delt erfaringer og tips, samtidig som vi har fått gjennomføre økter i praksis på feltet med påfølgande tilbakemeldinger frå Ann Josefin og Martin. Eg er veldig nøgd med kurset, seier hovudtrenar for ungdommane våre på G2008.
Lærerikt og sosialt
Ann Josefin synas det er stas at klubben no kan arrangere eigne kurs, og at alle klubbane i Os var representert med deltakarar.
- Det er veldig kjekt at me på kurset hadde representanter frå alle klubbane i Os. At trenarar møtes på tvers av klubbane trur eg er veldig positivt. Så er det jo veldig gledelig at me for fyrste gang kunne arrangere kurs utan å vere avhengig av å ha med rettleiar frå kretsen. Det var ei fin gruppe, flinke objekter og stas å arrangere kurs i nytt lokale over kiosken, seier trenarveilederen vår og oppmodar trenarar til å melde seg på nye kurs.
Deltakarane gjennomførte ein E-læringmodul med teori i forkant av kurset, som skulle sette i gang refleksjonsprosessen og vere til hjelp for deltakarane undervegs. Dette skulle vidare auke utbyttet for kvar enkelt. Praksisøkter med reelle objekter var dessutan ein viktig ingrediens for bratte læringskurver.
Ann Josefin fortel at delkurs 2 blir gjennomført til veka, og at målet er å få arrangert delkurs 3 og 4 til neste år.
- Me håper å helde fram med å arrangere kurs, og at mange tør å vere med, det er veldig kjekt. Det er lågterskel for å melde seg på, og ein trenger ikkje ha noko erfaring for å delta.