Kontinuitetsbærer trapper ned
Med 10 års erfaring frå seniornivå i klubben har Sander Fagerbakke Kvittingen blitt ein viktig kontinuitetsbærer og bidragsyter på herrelaget. Det er difor vemodig at han denne veka annonserte atT reisa med klubben er over i denne omgang!
Sander Fagerbakke Kvittingen debuterte for herrelaget i 2012, og skulle i år byrje på sin 10ende sesong. Sander har med sin profesjonelle haldning og innstilling, vore eit eksempel til etterfølgelse, og notert seg for 137 kampar og 46 mål på seniornivå i klubben. No har den hardtarbeidande angriperen bestemt seg for å trappe ned, som hovudpersonen sjølv forteller er vemodig og ein vanskeleg beslutning, men at han kan sjå tilbake på ei minnerik tid i klubben.
- Tida på Kuventræ synst eg har vore veldig fin. Det har sjølvsagt vore høgdepunkter og nedturer som med alt her i livet, men totalpakken med det store engasjementet og alle folkene rundt og i klubben har gjort tida mi i Os Turn vel verdt alle timane. Det seier vel sitt når eg snart hadde byrja på mitt 10 år på seniornivå!
— Sander Fagerbakke Kvittingen
- Tida på Kuventræ synst eg har vore veldig fin. Det har sjølvsagt vore høgdepunkter og nedturer som med alt her i livet, men totalpakken med det store engasjementet og alle folkene rundt og i klubben har gjort tida mi i Os Turn vel verdt alle timane. Det seier vel sitt når eg snart hadde byrja på mitt 10 år på seniornivå!
Å gje seg no, etter så lang tid, var ein veldig vanskeleg avgjørelse. Dette er noko eg har gått å veid opp og ned på i fleire måneder. Men til slutt måtte eg ta eitt val og fant ut at per dags dato er det andre ting som må bli prioritert. Så no går ferden videre, og så får ein sjå kva framtida bringer, reflekterer den trass alt unge veteranen.
Som Sander forteller har det vore både opp- og nedturer. Kontrasten har vore stor frå sitt fyrste mål for a-laget i 2014 og fleire matchvinner-skåringar, til lengre skadeavbrekk. Han har blant anna kjempa seg tilbake frå ein alvorleg kneskade på tampen av 2016-sesongen, der korsbånd, leddbånd og menisken blei skadd i ein duell. Med dedikasjon og mental styrke brukte spissen 2017 til å kjempe seg tilbake på banen og gjorde comeback i 2018, attpåtil med skåring.
- Det beste minnet er vanskeleg å sette fingen på, men eg husker veldig godt ein bortekamp. Det var mot Vard Haugesund. Her starta eg vel og merke kampen som innbytter og fulgte ein intens kamp frå sidelinja. Det stod 2-2 og det nærma seg slutt, då sjansen baud seg. Rett før slutt fekk eg eitt perfekt innlegg etter fabelaktig forarbeid av Fabian Bødtker, eg satte ballen i mål og me vant 2-3. Den sitter godt i pannebrasken! God gammeldags lagseier. Ellers har eg hatt ein del gode mål og opplevelser på Varden. Rart med det, men på den arenaen har ting pleid å sitte, mimrer han.
Sander har i alle sine år vore ein sterk bidragsyter både på banen og i garderoben. Han har glimt i auga, og alltid eit smil og artig kommentar på lur, samtidig som han han har vore hardtarbeidande, trivelig, jordnær og ærlig. Verdier som har vore viktig for samhaldet i gruppa! Tvers igjennom heil ved, og ein lagspelar!
Han arbeidet som maler i familiebedrifta, Malermester Kvittingen, ein arena han forøvrig også har bevist sin teft. I fjor haust blei han nemleg norgesmester i overflateteknikk som maler. Med ein travel kvardag med fulltidsjobb, oppussing av ny leilighet og sambuar, falt valet på å trappe ned. Men heldigvis for oss vil han ikkje lukke døra for ein retur til Kuventræ i framtida.
- Ferden videre blir nok Nore Neset. Her får eg moglegheit til å spele fotball vidare pga. litt færre økter. Så no er fokuset berre å få gjere det eg liker best, spele ball! Samtidig får eg teke opp igjen tråden med ein heil bøtteballet av karer som eg har spelt med opp igjennom tida, så det gler eg meg stort til! Til slutt vil eg avslutte med å ønske lagkamerater og trenerteamet masse lykke til med kommende sesong!