Liverbirds Os med gåve til gatelaget

Liverbirds Os støttar Gatelaget med 10 000kr.

- Me set stor pris på gåven frå Liverbirds Os, og støtta kommer veldig godt med for at me kan utvikle tilbodet til Gatelaget! Og forhåpentligvis, om fleire sponsorer kommer på banen, ha midler nok til å reise på cuper og få spela kamper igjen. Draumen er å reise til NM,seier Tor Arne Hitland, trenar/drivkraft for Os Gatelag.

- Me har fått støtte frå fleire sponsorer; Tind Økonomi, Os Taxi og no Os Liverbirds, som er fantastisk. Det har blant anna bidrege med likt treningsutstyr til alle, som har forsterka samhaldet og tilhørigheten!

Liverbirds Os, som er Os sin supporterklubb for Liverpool, har tidligare hjulpet heimlause i Liverpool med varme klede og kampbilletter til Anfield, samt støtta Søre Neset sitt stjernelag. Denne gang ville fanklubben gje ei pengegåve på 10 000 kr til Gatelaget!

- Den gang Liverbirds Os blei stifta blei det bestemt at vi skulle bidra i nærmiljøet. Medlemmene våre kjem med forslag til kven vi kan støtte, og no ynskja vi å gi ei pengegåve til Os Gatelag. Vi ser at dette er eit utruleg bra tiltak som inkluderer dei som ellers ville falt utafor,seier Sture Vevatne frå Liverbirds Os.

Bidraga kjem frå fanklubben sine oppsparte midlar frå medlemskontingenter og anna, som dei ynskjer å bruke til å glede andre. Vevatne legg til at dette ikkje er noko ein kan søke om, og ikkje noko fanklubben gjer kvart år.

Stor utvikling og glede

Hitland kan fortelle at gatelaget er stabilt 12-18 spelarar på trening og at stemingen og samholdet er veldig godt. For drivjernet er det i tillegg utruleg givende at tilbodet har vore med å gje spelarar ein betre kvardag og at mange har teke steg i riktig retning. Han kan også legge til at fleire har fått seg jobb, som er ekstra gledeleg. Fleire av spelarane har også teke del i gjennomføring av arrangementer i klubben i for eksempel kiosken og ved opp- og nedrigg.

Me takker Liverbirds Os for støtta, og ynskjer også andre som vil sponse tilbodet til gatelaget og draumen om NM, hjertelig velkommen! Ditt bidrag kan gjere ein stor forskjell! 

Ta kontakt med Tor Arne Hitland på hitland1976@gmail.com ved interesse!

Annonse: