Lokal unggutt tek steget opp til A-laget

Os-patrioter har mykje å sjå fram til i åra som kjem med mange talentfulle ungdommar på veg opp. Ein av dei er Sebastian Tysse Plätzer (16 år), som no har signert sin fyrste a-lagskontrakt!

- Me har stor tru på Sebastian i åra som kjem!

— Endre Brenne, hovudtrenar herrelaget.

- Sebastian er ein veldig spennande ung mann som over tid har fortjent sin plass i A-stallen. Han er god på ball, kvikk, bra forståelse og er ikkje minst særs ambisiøs og treningsvillig. Me har stor tru på Sebastian i åra som kjem! Flott tilvekst til gruppa, uttaler hovudtrenar Endre Brenne.

Brenne kjenner Sebastian godt og har fulgt utviklinga hans tett heilt sidan han byrja på FFO på barneskulen. Med Brenne som trenar har Sebastian vore fast deltaker på klubbens ekstratilbod FFO og Akademiet, i tillegg til at Brenne også trena laget hans (2005-årgangen) i fleire sesonger i ungdomsfotballen. No er unggutten igjen under Brennes vinger, denne gang på A-laget. 

Sebastian Tysse Plätzer er 2005-gut som i mange år har blitt ansett som eit stort talent i kretsen. Sebastian har representert Os på kretslag, der han har fått gode referanser og erfaringer på nivået regionalt, samt nasjonalt og internasjonalt gjennom ulike turneringer og samlinger på sitt årskull. Unggutten fekk frå klubben utdelt ein gavesjekk frå Kurt Monsens Minnefond i oktober, som er ein oppmerksomhet til talentfulle spelarar i Os Fotball. 

Søftelendingen kjem frå ein idrettsfamilie, og spela i barneåra fotball i Søfteland, før han kom til Os saman med laget sitt til ungdomsfotballen. Sebastian hadde gjennom deltakelsen på FFO og Akademiet allereie god kjennskap til miljøet og mange av sine nye lagkamerater i Os.

Utviklinga held fram, og 16-åringen fekk etter å ha hospitert med a-laget på treningar og treningskampar i fjor sommar, sin offisielle debut mot Øygarden i NM på Kuventræ. Unggutten fekk også to innhopp i serien mot Fjøra og Sandviken. Hans primære kamparena var Os 2/juniorlaget, i tillegg til sitt eige årskull på G16. 

Sebastian har trena med A-laget sidan oppstart av oppkøyringa til den komande sesongen, og blir som fast medlem av A-stallen blant anna lagkompis med sine tidligare trenarar Rune Åsheim Mo (Akademi og G16) og Marius Mikkelsen (FFO og Akademi). 

Det er utruleg gledeleg at sultne talentfulle ungdomar stormar fram frå eigne rekker. Me gratulerer Sebastian, og gler oss til å følgje utviklinga vidare!

Sebastian Plätzer signerer sin fyrste a-kontrakt
Sebastian Tysse Plätzer signerer her sin fyrste a-kontrakt!
processed-cf8e0fec-f915-42b8-a60d-7ace400eb13b_EybsjVtn.jpeg
Med mange talentfulle ungdommar på veg opp har Os-patrioter mykje å sjå fram til i åra som kjem! I tillegg til Sebastian er det allereie fleire unggutter som bankar på døra og hospiterer med a-laget!

 

Annonse: