Lokalt talent vender tilbake
Det er med stor glede me kan meddele at det lokale talentet, Henrik Tysse Sperrevik (19), er klar igjen for Os Fotball!
- Henrik er ein ung, lokal og god spelar som det er veldig gledelig at vender tilbake. Han vil passe godt inn i gruppa og måten me ynskjer å spele på. Ein solid tilvekst, som me gler oss til å jobbe med vidare, uttaler ein nøgd hovudtrenar Endre Brenne.
Henrik Tysse Sperrevik er kjent for dei fleste Os-patrioter. 19-åringen kom til Os Fotball som tenåring frå naboklubb Lysekloster, og fekk allereie som 15-åring debuten for a-laget. I det påfølgjande året bemerka han seg med fleire gode prestasjoner i 3.divisjon, og blei blant anna invitert til treningsopphald av Viking og Sogndal.
Trena fast med a-laget til Sogndal
Valet enda på Sogndal. Etter 2019-sesongen flytta han til saftbygda der han fullførte vidaregåande skule kombinert med spel på Fosshaugane Campus. Osingen tok stadig store steg og trena etterkvart fast med a-laget i Obosligaen. Det er trangt om plassen i toppfotballen og etter fleire lærerike år både på og utafor bana, bestemte Henrik seg for å rette nasa heim igjen etter fullført skulegang for å utvikle fotballferdigheitane vidare i barndomsklubben Lysekloster.
Tilbake i Lysekloster bøtta han inn i treningskampane før sesongen, og teikna seg også i målprotokollen i det målrike lokalderbyet på Kuventræ i fjorårssesongen. Men no er Henrik tilbake i Os for å skåre og kjempe med oss. Det er me veldig glade for, noko hovudpersonen sjølv også synst føles veldig bra.
- Det føles veldig bra å vere tilbake i klubben og eg er blitt teken godt i mot av gruppa. Det er ein fin gjeng og eg kjenner mange frå før, så det har vore kjekt, seier Henrik Tysse Sperrevik.
Unggutten forteller om ein fin og utviklande tid i Sogndal og Lysekloster, og trur no at Os er riktig sted for å utvikle seg vidare. Henrik beskriver seg sjølv som løpssterk, målfarleg og god 1 mot 1, i tillegg til å alltid gjere sitt beste. Som son av tidligare storskårar for herrelaget, Tim Henrik, og mor Marianne, som spela for damelaget, har han i tillegg gode fotballgener i familien.
Gler seg til sesong
Han gjorde comeback i treningskampen mot Øygarden på tysdag, som forøvrig enda 0-1 i favør 2.divisjonslaget. Henrik viste lovande takter, og er klar for å vise seg fram i dag også når Åsane 2 kjem på besøk til Kuventræ kl. 17.00. Dette er siste treningskamp før 1.kvalikkrunde i NM mot Sund neste laurdag, og nysigneringen gler seg enormt til sesongen.
- Eg trur det kan bli ein god sesong der me kan bite godt i frå oss! Mine egne ambisjonar for sesongen er å spele mest mogleg og bidra med målpoeng.
Me gler oss stort til å følgje utviklinga vidare! Velkommen tilbake til Os, Henrik!
Oversikt over herrelaget sine gjenstående treningskamper:
- 12.mars: Os - Åsane 2. Kl. 17.00 på Kuventræ.
- 19.mars: NM-kvalikk mot Sund kl. 14.00 på Hald stadion.
- 25.mars: Stord - Os kl. 19.00 på Vikahaugane.
- 9.april: Seriestart Os - Frøya kl. 13.00 på Kuventræ.
Har du sikra deg sesongkort?
Sesongkortet for 2022 gjev gratis inngang på alle heimekampene til Os sitt herrelag og damelag, samt ei rekkje rabattordninger hos lokale aktører. Kortet koster 600,- kroner og kan kjøpast via Vipps og hos fleire av aktørane der rabattane gjeld.
Sesongkortet vil gje rabattar hos følgande lokale aktørar:
Monter: 30 % på håndverktøy
Sport Norge: 15% på ordinære varer
Peppes Pizza: 20% rabatt (Gjelder for inntil 5 personer i restaurant eller 4 pizzaer på utlevering. Gjelder ikkje for alkohol. eller allerede rabatterte produkter)
Os Auto: 25 % på EU-kontroll
Skaathun Bilverksted: 15% på servicedeler
Fargerike: 20 % på interiørmaling og solskjerming
Osbadet: Reduserte priser (idrettspris) mandag-fredag (gjelder ikkje i ferier)
Sesongkortet kan kjøpes på følgende måter
- Vipps 600 kr til Os Fotball 2020 og merk betalinga med "Sesongkort 2022"
- Kortet kan hentast i klubbhuset, samt Monter og Fargerike.
Velkommen til Kuventræ på kamp!