MagnorVinduet forlenger – nok ein gong!

MagnorVinduet går inn i endå ein sesong som generalsponsor for Os Fotball. Den langvarige støtta er avgjerande for aktiviteten i klubben og bidreg til at hundrevis av osingar – barn, unge og vaksne – får oppleva fotballglede, meistring og fellesskap på Kuventræ.

Os Fotball er både stolte og svært takksame for å kunna meddela at MagnorVinduet går inn som generalsponsor for klubben også den komande sesongen. Med dette held eit samarbeid fram som strekkjer seg over mange år, og som har vore – og framleis er – heilt avgjerande for utviklinga og aktiviteten i klubben.

MagnorVinduet har i lang tid vore ein av dei viktigaste støttespelarane til Os Fotball. Den langvarige og lojale støtta har gitt klubben føreseielegheit og tryggleik, og har bidrege til at Os Fotball kan vera ein solid og inkluderande tilretteleggjar for fotballaktivitet på Kuventræ – for både barn, ungdom og vaksne.

– Vi er utruleg takksame for at MagnorVinduet vel å halda fram som generalsponsor. Denne støtta betyr enormt mykje for klubben og for alle som har Os Fotball som sin møteplass, seier dagleg leiar i Os Fotball Endre Brenne.

Bidraget frå MagnorVinduet er heilt sentralt for å leggja til rette for den store aktiviteten klubben driv. Kvar veke blir Kuventræ fylt av liv, latter og engasjement, og støtta bidreg til at hundrevis av osingar får oppleva fotballglede, meistring og kameratskap – og til å skapa minne for livet på bana.

Gul kjærleik! Foto: Os og Fusaposten
Gul kjærleik! Foto: Os og Fusaposten

Os Fotball er i dag ein viktig møteplass i lokalsamfunnet, der verdiar som fellesskap, inkludering og utvikling står sterkt. At MagnorVinduet vel å stå saman med klubben også vidare, er eit tydeleg prov på engasjementet deira for både idretten og lokalmiljøet på Os.

– Ein generalsponsor som MagnorVinduet gjer det mogleg for oss å halda eit høgt aktivitetsnivå, utvikla tilbodet vårt og sørgja for at så mange som mogleg får ta del i fotballen – uavhengig av alder og nivå.

Os Fotball rettar ei stor takk til MagnorVinduet for tilliten og støtta, og ser fram til endå ein sesong med tett og godt samarbeid – til glede for heile Os-bygda.

Om MagnorVinduet
MagnorVinduet er ein norsk produsent av vindu- og dørløysingar, med fokus på kvalitet, design og lang levetid. Produkta har dokumentert levetid på over 60 år, og blir utvikla og produsert i Noreg av eit heil-eigd norsk selskap.

Selskapet har røter tilbake til 1982, då H-Vinduet Magnor AS blei etablert av H-gruppen. I 1994 blei selskapet kjøpt opp av H-tre AS, og i 2007 overtok Ole-Vidar Skaathun alle aksjane. MagnorVinduet har fabrikk og produksjonsutvikling i Magnor, like ved svenskegrensa, medan administrasjon og salssida held til i Fana.

Selskapet er mest kjent for det originale H-vinduet, ofte kalla «husmorsvinduet». Med hengslar som gjer at vinduet kan svingast 180 grader, kan utsida vaskast frå innsida – eit praktisk grep som har gjort vinduet populært i mange generasjonar. MagnorVinduet blir også marknadsført som eit høgteknologisk, vedlikehaldsfritt produkt bygd for å tåle fukt og halde seg stabilt i mange tiår.

I Os Fotball-bladet i 2015 meinte tidlegare dagleg leiar Knut Haddal at klubben henta inspirasjon i MagnorVinduet sitt arbeid: grundigheit, kvalitet og langsiktighet – verdiar klubben sjølv jobbar med dagleg.

God stemning mellom Skaathun (i midten) og ein av anna god Os-partner, Ståle Daae Børnes frå Bergen Marinesenter, under fotballgallaen i 2019 – då dei hamna i ein intens bodkamp om retrodrakta. Foto: midtsiden.no
God stemning mellom Skaathun (i midten) og ein av anna god Os-partner, Ståle Daae Børnes frå Bergen Marinesenter, under fotballgallaen i 2019 – då dei hamna i ein intens bodkamp om retrodrakta. Foto: midtsiden.no

 

Annonse: