Måldrama i lokalderbyet

Lokalderbyet leverte som venta høg temperatur, mange mål og stort drama! Våre menn tok føringa heile fire gangar, men Lysekloster kom tilbake gang på gang, og det enda dermed med poengdeling - til stor skuffelse for begge lag.

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball 

Det var rigga for fest på Kuventræ - og fest blei det! Ein fullsatt tribune blei vitne til alt eit lokalderby kan innehalde; det var høg temperatur, tøffe dueller, tumulter, nerve, flust i kort og to lag som fulgte kvarandre tett heile vegen inn. Os leia fire gangar, men Lysekloster slo tilbake kvar gang, og laga måtte til slutt dele poenga på Kuventræ.

- Denne kampen hadde det aller meste. Eg synst samla sett at vi leverer ein bra prestasjon nesten heile kampen igjennom, og hadde absolutt fortent 3 poeng. Når vi skårer fire mål i løpet av ein kamp så skal vi vinne. Eg synst vi blir for baktunge og får eit trykk på oss på slutten, samtidig som vi ikkje greier å halde aggressiviteten oppe, som fører til to seine baklengsmål. Veldig surt å ikkje vinne denne kampen, seier målskårer Steffen Kvamsdal, som forøvrig spela ein meget god kamp.

Framfor 700 publikummarar var det Os som opna skåringsballet etter 9.minutt. Kristian Hjelvik Halvorsen fann Thomas Stene Spilde med eit nydeleg overlegg, som på bakre stolpe bredsida ballen på volley i nota. Dei neste 20 minutta var det stillingskrig og lite sjansar, før det tok fyr i det 30.minutt. Kampleiaren blåste straffespark til Lyskloster til store protester frå Os. Beslutningen førte til tumulter og knuffing mellom spelarane, der ein av våre menn gjekk i bakken. Dommartrioen valte å runde av situasjonen med eit gult kort til ein spelar på kvart lag, før Lysekloster utlikna frå krittmerket. 

1-1 såg ut til å bli pauseresultatet, før stadion på ny løfte seg like før kvilen. I det 45.minutt sendte Roger Blokhus Ekeland Os på ny i føringa med ein kontant volley etter vakkert forarbeid av nyervelsen Viktor Mendonca Wikheim. 

Etter ein pust i bakken hadde begge lag ein avslutning i metallet tidleg i 2.omgang, og gav publikum ein forsmak på kva som var i vente dei siste 45.minutta. Os sin avslutning var signert Halvorsen - og for eit mål det hadde vore! Etter ein skotfinte, chippa han ballen frå omlag 20 meter med sin feile fot, følsomt over ein sjanselaus keeper. Dessverre var ikkje marginane på Halvorsen eller Os si side; ballen traff innsida av stolpen og ut, og keeper kunne puste letta ut når han fanga den i sikkert grep. 

I staden for tomålsleiing sørga tidligare Os-spelar, Henrik Tysse Sperrevik, for balanse i rekneskapen igjen når han utlikna for Lysekloster i det 69.min. Dei påfølgende ti minutta skrudde våre gutar opp tempoet.

Fyrst kom Ekeland seg fri aleine med keeper etter ein elegant forsering, men frå litt kloss hald klarte keeper å redde. Få minutt etter var det duka for ein enorm dobbeltsjanse. Kvamsdal kom seg fri i feltet og tvang sisteskansen til Lysekloster til å hente fram ein sterk redning. Frå kort hald havna returen i beina på Ekeland som dessverre ikkje makta å stokka beina i tide og var uheldig å sette ballen på utsida av det opne målet. 

I det 75.min skulle det lukkast; nok ein gang kom Kvamsdal seg fri aleine i feltet, og denne gang var han klinisk - til enorm euforisk glede både på banen og tribunen. Når i tillegg Niklas Lunde Fosen utnytta eit brot på midtbana og sprang frå alt og alle og auka leiinga til 4-2 fem minutt seinare, var dei fleste sikre på at det var spikeren i Lysekloster-kista. 

Nervepirrande sluttminutter

Men Lysekloster hadde ikkje gjeve opp. Os senka presset for å ro inn sigeren, som resulterte i utallige innlegg frå gjestane. Kasper Sandven Færøvik, som leverte fleire gode redninger kampen igjennom, og haldt gjestane unna redusering. Men i det 88.minutt var det ingenting han kunne gjere; Lysekloster reduserte til 4-3 etter eit skot frå 16-meter som gjekk via eit Os-bein og i mål. No fekk Lysekloster blod på tann. 

Etter fleire nervepirrande minutt skjedde det som ikkje skulle skje sett med Os-auge. Lysekloster utlikna til 4-4 i det 94.minutt. Og vondt kunne blitt verre når Lysekloster i kampens siste angrep kom i overtal tre mot ein på Os sin banehalvdel. Aleine med keeper kunne gjestane fullføre snuoperasjonen og sikra seg alle tre poenga, men heldigvis for Os gjekk kampens siste spark på ballen over mål. 

Eit fyrverkeri av eit lokalderby enda dermed med poengdeling og 4-4 - til stor skuffelse for begge lag. Trass skuffelsen av å miste sigeren på tampen, kan våre herrer vere godt nøgd med mykje av prestasjonen. Våre helter viste glød, tempo, fint spel og vinnervilje framfor ein fullsatt stadion, og skapte nok ein uforgløymeleg kamp på Kuventræ. Takk for underholdninga - me gler oss allereie til neste heimekamp! 

Neste kamp for herrene er laurdag 11.september kl. 16.00 mot Fyllingsdalen på Varden Amfi! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 2 2 0 0 9 0 9 6
2 Sandviken Sandviken 2 2 0 0 7 2 5 6
3 Åsane 2 Åsane 2 2 1 1 0 8 1 7 4
4 Førde Førde 2 1 1 0 4 3 1 4
5 Haugesund 2 Haugesund 2 2 1 1 0 2 1 1 4
6 Fana Fana 2 1 0 1 5 3 2 3
7 Bjarg Bjarg 2 1 0 1 4 4 0 3
8 Djerv 1919 Djerv 1919 2 1 0 1 3 6 -3 3
8 Loddefjord Loddefjord 2 1 0 1 3 6 -3 3
10 Askøy Askøy 2 0 2 0 1 1 0 2
11 Stord Stord 2 0 1 1 2 4 -2 1
12 Frøya Frøya 2 0 0 2 1 5 -4 0
13 Årdal Årdal 2 0 0 2 3 8 -5 0
14 Florø Florø 2 0 0 2 0 8 -8 0

 

 

Annonse: