Målfarleg angriper og tøff forsvarsspelar klare for damelaget!

Damelaget med forsterkninger i angrep og forsvar - angriperen Ingeborg Sundal Ljostveit og forsvarspelar Mariell Sivertsen er klare for spel i gult og svart!

- Ingeborg og Mariell har glidd perfekt inn i spelargruppa frå fyrste økt. Ingeborg er ein hurtig og sterk angriper med meget gode avslutningsegenskaper. Mariell er ein tøff og duellsterk forsvarsspelar som er flink til å ta ansvar og snakke, seier trenar Ørjan Sandal nøgd.

Ingeborg Sundal Ljostveit (24) er ein målfarleg angriper frå Rosendal, som står bokført med imponerande 44 mål på 36 kampar for moderklubben i 4.divisjon. Ettersom Rosendal ikkje har damelag lenger, har den hurtige og sterke angriperen vore på jakt etter ny klubb. Ho forteller om ein fin start med sine nye lagvenninner i Os/Nore Neset.

Korleis har det vore å kome til Os Fotball?
- Det har vore veldig kjekt å komma til klubben. Eg har blitt teken godt i mot, og det virker som ein god gjeng, seier Ljostveit.

Kva som gjorde at du ville kome til Os Fotball?
- Eg såg etter eit nytt lag då Rosendal ikkje har damelag lenger. Eg ynskja å spela med eit lag som er motiverte og der eg kunne få utfordra meg meir som spelar.

Kva ambisjonar har du for sesongen?
- Å bidra positivt til laget og bli ein bedre fotballspelar!

Mariell Sivertsen (26) er ein duellsterk og tøff forsvarsspelar med gode leiaregenskaper. Også ho forteller om ein fin velkomst av gruppa.

Korleis har det vore å kome til Os Fotball?
- Det har vore veldig positivt! Det er ein solid gjeng som er kjempedyktige, både spelarar og støtteapparat. Eg har inntrykk av at både damelaget, men også klubben har et veldig godt miljø, og eg følte meg umiddelbart velkommen på første trening, seier Sivertsen.

Kva som gjorde at du kom til klubben?
- Eg har alltid hatt ambisjonar om å begynne å spele fotball igjen når eg flytta tilbake til Bergen, og Os blei ein naturlig kandidat med tanke på avstand. Det avgjerande var at eg høyrte at det var eit godt miljø, motiverte spelarar og eit fagleg sterkt støtteapparat.

Kva ambisjoner har du for sesongen?
- Det må sjølvsagt bli å prestere best mogleg i flest mogleg kampar, både personleg, men også som eit lag!

Me gler oss til sesongstart! Velkommen til Os Fotball, Ingeborg og Mariell!

 

Annonse: