Maria Hatvik Flister er klar for neste kapittel i Brann!
Keepertalentet, Maria Hatvik Flister, er etter eit låneopphald tilbake i Os, igjen klar for spel for SK Brann!
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).
I 2022, 15 år gamal, debuterte Maria på damelaget, og fleire av toppklubbane i Bergen har sidan merka seg keepertalentet frå Os. Parallelt med å vokte buret til våre fremste kvinner hospiterte ho jamleg med SK Brann før ho signerte med rautrøyane i forkant av årets sesong.
Klubbane var einige om at den unge keeperen skulle lånes tilbake til Os, men dessverre blei Maria satt ut av spel med beinbrot i ankelen i vårsesongen. Etter ei god opptreningsperiode var Maria tilbake mellom stengene i midten av oktober.
- Låneopphaldet i Os var akkurat det eg trengte. Perioden har hjulpet meg med å kome tilbake frå ein ganske seriøs skade, men også til å utvikle meg som person, seier Maria som betrakter rekkevidda, spelforståing og det mentale med fokus og bestemthet som sine fremste keepereigenskaper.
Maria er no klar for sitt neste kapittel på Brann Stadion, som satsningskeeper for klubben og innlemmes i keeperteamet som trenar med A-laget, samt har Brann 2 som trenings- og kamparena. I tillegg byrjer ho på Norges Toppidrettsgymnas på Brann Stadion over nyttår.
- Kvardagen i Brann kjem nok til å bli ganske annleis, med mykje trening og nye omgivelser sidan eg også skal byte skule. Eg forventer meir trening og fokus på å bli ein betre fotballspelar. Eg har jo sjølvsagt mål om å spele på toppnivå i Norge, og Brann er ein fin veg til å nå dette, seier hovudpersonen sjølv om den spennande tida i møte.
Trenar for damelaget, Ørjan Sandal, er full av lovord om Maria.
- Maria har tatt enorme steg de siste åra, og jobber veldig dedikert. Ho har alle føresetnadar for å fortsette den utviklingen som skal til for å gjere ho til ein keeper på toppnivå, uttaler Ørjan Sandal.
Maria har satt stor pris på sine lagveninner og trenarar i Os Fotball.
- Eg må takke alle lagveninner og trenarar rundt laget. Dei har spelt ei viktig rolle for at eg skulle klare å vere her eg er i dag! Og den største takken må nok gå til Renate! Ho står på og har vore der for meg uansett. Om det var ting eg trengte eller massasje, så fiksa ho det. Eg er veldig takknemlig for tida mi i Os, og no gler eg meg til det neste kapittelet i Brann!
I 2024 har ho i tillegg lært noko av keeperkompetansen sin vidare til neste generasjon keepere, både for NFF Hordaland si sone sør med base på Kuventræ, samt FFO-keeper i Os Fotball.
- Eg synst det har vore veldig gøy å vere med på utviklingen til dei yngre keeperne i klubben og i sone sør. Eg håper eg har klart å gje dei litt keeperglede og tips til korleis dei kan bli enda betre. Og eg håper sjølvsagt at eg får til å komme innom keeper FFO når det passer seg!
Maria har vore til stor inspirasjon for keeper-spirene på FFO-Keeper. Heldigvis får deltakarane god og kyndig rettleiing også etter at Maria forsvinn når Amalie Lindborg Bøyum, keepertrenar på damelaget, trer inn på tilbodet.
Har du nokre tips til yngre keepere som ynskjer å gå i dine fotspor?
- Eit tips eg kan komme med er å alltid jobbe mot måla dine. Tru på deg sjølv og dersom du vil det nok kjem du til å nå det. Prøv også å gjere det lille ekstra for å bli betre, om det er styrketrening eller å stå igjen etter trening for å slå pasninger!
Tusen takk for innsatsen i Os Fotball i denne omgang og lukke til på fotballreisa vidare!