- Me er komen godt i gang med oppkjøringen!
Damelaget krona ein eventyrleg sesong med opprykk til 2.divisjon i fjor. No er laget godt i gang med førebu seg til ny sesong!
(Foto: Hordalandsfotball).
- Damelaget er komen bra igang med fotballtreningar, etter ein juleferie der kondisjon har vore prioritert. Fokus på treningane er å ha tempo i alt me gjer, og me vil bruke tida framover til å betre dette så godt som mogleg. I tillegg vil me ha fokus på å utvikle forståinga og relasjonane mellom dei enkelte spelarane, med tanke på vår spelfilosofi og spelprinsipper, seier hovudtrenar Ørjan Sandal før han fullfører.
- Altså korleis me skal fremstå på ein best mogleg måte når det gjelder samhandling i laget, i høgast moleg tempo, når sesongen startar.
Årets 2.divisjon er av den ekstra tøffe sorten, ettersom under halve avdelinga får fornya kontrakt grunna spissing av divisjonssystemet. Det ser Sandal og spelargruppa på som ein fin utfordring.
- Me gler oss stort til å spele i 2. divisjon med eit veldig ungt lag. Det kjem til å bli ein meget tøff oppgave, men me gler oss til utfordringen. Det vil gje oss verdifull erfaring, så ynskjer me sjølvsagt å bite godt i frå oss!
- Men fyrst skal me trene godt i månadane framover, samt spele nokre treningskamper, som me skal bruke til å videreutvikle vår måte å fremstå på, avslutter Sandal!
Damelaget har booka følgjande treningskamper:
Torsdag 24. februar kl. 19.30: Bergen Nord - Os i Vestlandshallen.
Søndag 6. mars kl. 16.00: Sotra - Os i Sotrahallen.
Mandag 21. mars: Os - Fana, sted ikkje avtalt.
Laurdag 26.mars: Motstander ikkje avtalt.
Onsdag 6.april kl. 19.30: Os - Lyngbø på Kuventræ.
Seriestart: Os - Arna Bjørnar 2, onsdag 20. april på Kuventræ.
2. serierunde: Os - Viking, søndag 24. april på Kuventræ.
Me gler oss stort, og kan sjå fram til mange spennande kampar og motstandarar på Kuventræ i 2022! Viking kjem blant anna til Kuventræ allereie til 2. serierunde, så om du ikkje har skaffa deg sesongkort er det berre å hive seg rundt! I tillegg til spennande kampar for dame- og herrelaget får du gode rabatter hos ei rekkje lokale aktører med sesongkort! Sjå meir info her: Sesongkort 2022
Me ynskjer damene lukke til med sesongførebuingane til 2.divisjon!