ME HELD FRAM SOM EAT MOVE SLEEP-AMBASSADØRAR I 2022
Det er med stoltheit me kan meddele at Os Fotbal held fram som ambassadør for EAT MOVE SLEEP i 2022! Me er takksame for fornya tillit og gler oss til å spre dei gode verdiane til medlemmane våre, samt i lokalmiljøet og dei ulike arenaene rundt i Os!
Eat Move Sleep er ein nasjonal offensiv for å oppnå betre folkehelse, iverksatt av Norges Fotballforbund, Eat Initiative og Bama Gruppen AS i 2016. Det er eit konsept som skal inspirere born, unge og voksne til å ta gode valg i kvardagen ved å sette fokus på heilheita av det som skaper god helse og livskvalitet for oss menneske; nemleg kombinasjonen av kosthald, fysisk aktivitet og søvn.
Generalsekretær i Norges Fotballforbund sa dette om rolla som ambassdørklubb for Eat Move Sleep-konseptet i 2020!
- Med Eat Move Sleep skal våre ambassadørklubbar formidle kunnskap, inspirasjon og haldningar som me veit både born, unge og vaksne vil ha glede av. Ikkje berre på idrettsbana, men også på alle andre arenaer som skule, jobb og fritid der man også er avhengig av overskot, konsentrasjon og godt humør.
- Det forpliktar å vere ein ambassadørklubb. Dei skal vere foregangsklubbar og syte for å formidle Eat Move Sleep-verdiane gjennom heile året. Blant anna skal dei motivere til å gå og sykle til og frå treningar og kampar, at spelarane får i seg sunn mat og drikke før og etter aktivitet, og at man praktiserer skjermfritt soverom. Kiosker og utsalgssteder vil også få ein sunnare profil.
KIWI BAMA-CUP 3. og 4.september på Kuventræ
Som EAT MOVE SLEEP-ambassadør skal det i løpet av året arrangeres ein fotballcup for born i alderen 6-12 år med sterkt fokus på sunne verdier. I år har BAMA og Norges Fotballforbund slått seg saman med KIWI, som i fellesskap med oss ambassadører, skal arrangere KIWI BAMA-CUP!
Os Fotball skal arrangere KIWI BAMA-Cup 3. og 4. september på Kuventræ! Påmeldingslink kjem!
På KIWI BAMA-Cup vil det blant anna vere ein eigen Eat Move Sleep-camp der både deltakarar og tilskodarar får informasjon om kosthald, bevegelse og søvnvaner. I tillegg blir det ei rekkje artige aktiviteter og underhaldning!
Eat:
Det er ekstra viktig å fylle på med riktig mat og drikke før og etter trening eller kamp! Det gjev meir energi til å prestere, konsentrasjonen skjerpes, samt påfyll kort tid etter aktivitet er viktig for restitusjon.
Move:
Fysisk aktivitet er viktig for alle, uansett nivå eller ambisjon. Bevegelse er nemleg med på å halde kroppane våre friske. Det gjev oss bedre søvn, godt humør og kraft til å utføre dagligdagse oppgåver. Me ynskjer blant anna at flest mogleg går eller sykler, istedenfor å kjøre. Tek du beina fatt til trening, kamp, jobb, skule og besøk, beveger du deg meir! Eit anna tips er å ta trappen istedenfor heisen.
Sleep:
Søvn er viktig for både den psykiske og fysiske helsen vår. Når me sover, reparerer nemleg kroppen seg sjølv. I tillegg gjer god søvn underverker for humøret, konsentrasjonen og hukommelsen. Tips: Det anbefales å legge vekk mobil og iPad når man skal legge seg. De sender ut eit blått lys som gjer det vanskeligare å sovne.
Me skal helde fram med å gjere alt me kan for å vere ein arena for idrettsglede, kunnskapsdeling og inspirasjon i EAT MOVE SLEEP-ånd!