Me søker nye spelarar til Os 3 Herrer og Os 2/Nore Neset Damer

Det er vår, luft i ballane og god stemning på Kuventræ - vil du bli med? Me har tilbod til fotballspelarar i alle aldre og søker no særskild etter nye tilskot til Os 3 Herrer og Os 2/Nore Neset Damer!

Os 3 Herrer var nyoppstarta i 2023 og dundra på med opprykk til 6.divisjon i sin første sesong. Det er god stemning i gruppa under kyndig leiing av trenar, Espen Engevik. Gruppa trener kvar mandag 1930 og onsdag 1930. Ønsker du være del av ein sosial og kjekk gjeng der du sjølv kan styre kor mykje du ynskjer å trene, er dette plassen å vere! 

Ta kontakt med trenar, Espen Engevik, på 99095107, om du ynskjer hive deg med! 

Nyoppstarta damelag 

Os 2/Nore Neset Damer har lenge vore eit felles mål, og no er me endeleg der at laget er påmeldt i seriespel i 5.divisjon! Laget trenar samtidig med Nore Neset/Os J16 kvar tysdag på Kuventræ og torsdag på Nore Neset kl18.00.

Dette er eit lågterskeltilbod der me ynskjer mange med hjarte og glede til fotballen med på laget! Om det er ei lita stund sidan du spelte aktivt, ingen problem - hiv deg med!

Kontakt lagleiar, Renate Rød, på 41332553, om du ynskjer hive deg med! 

IMG_3247.JPG

 

Annonse: