Me treng dugnadshjelp til Løp E39

Me treng hjelp frå deg til å gjennomføre og skape ei fantastisk ramme rundt det unike eingangsarrangementet LøpE39 18.juni. Bli med og skap historie, og ein oppleving for livet!

Laurdag 18.juni er det duka for LøpE39, som blir eit stort og unikt arrangement før tunnellane opnar for trafikk igjennom Svegatjønn og Rådal på nye E39. Det blir blant anna halvmaraton, sykkelritt, rulleskiløp, barneløp og mosjonsløp, og i dag er omlag 1000 deltakarar påmeldt. Os Friidrett står bak arrangementet, men alle idrettsgreinane i Os Turnforeningen vil bidra med gjennomføringa, og i den anledning har me behov for dugnadshjelp. 

Me treng blant anna hjelp med:

  • Opprigg og nedrigg.
  • Salg/bemanning i kiosk.
  • Parkering/trafikkdirigering.
  • Oppbevaring av verdisaker.
  • Diverse

Det blir fire timers vakter i tidsrommet kl. 07.00 - 18.30, og me tek i mot all hjelp me kan få! Overskotet av arrangementet blir øremerka innendørshall på Kuventræ, som er ein solid gulrot, i tillegg til at du kan vere med å bidra i gjennomføringa av eit historisk arrangement! 

Du kan melde seg til Marita Haugland på marita@osfotball.no så fort som mogleg, og kan eventuelt legge til kva tidsrom/stasjoner som ikkje passer. 

Dette blir bra - saman! 

 

Annonse: