Midtbanespelar klar for herrelaget

Viktor Mendonca Wikheim signerte i førre veke for Os Fotball! Han fekk debuten i gårsdagens lokalderby mot Lysekloster.

Viktor Mendonca Wikheim (24 år) har ein fortid i Strømsgodset, Kjelsås og Ullern, og har blant anna 89 kampar i PostNord-ligaen (2.divisjon).

- Me er veldig nøgde med å få Viktor til Kuventræ. Han er ein fin gut med gode ferdigheter med ball, kvikk i steget og passer veldig godt inn i måten me spelar fotball på, seier Brenne om troppens ferske tilvekst. 

Brenne fortel at han inviterte Wikheim på trening når han fekk veta at han skulle til Vestlandet for å studere. På trening fekk trenarteamet eit godt inntrykk, og når den tekniske midtbanespelaren samtidig likte seg, resulterte det med ein avtale ut året. Nyervervelsen debuterte i gårsdagens lokalderby mot Lysekloster, og viste seg fram med blant anna ein nydeleg assist til 2-1-målet. 

- Debuten hans i går mot Lysekloster viste prov på at han blir ein flott tilvekst, og han kom veldig godt i frå den kampen, meinar Brenne. 

Hovudpersonen sjølv karaktiserer seg sjølv som ein god kombinasjonsspelarer, og er godt nøgd med spelestilen i sin nye klubb. 

- Vi spelar ein type fotball som eg likar, så eg trur dette blir veldig bra, sa Wikheim om å bli Os-spelar, i intervju med Hordalandsfotball etter gårdagens kamp. 

Han har også ein bror som gjer det godt på fotballbana. Bror Gustav Mendonca Wikheim, har spela i Strømsgodset, KAA Gent, FC Midtjylland, og for øyeblikket Al-Fateh. I FC Midtjylland spela broren med vår spelande assistent Zsolt Korcmár. 

Høyr heile intervjuet med Wikheim her:

 

Velkommen til Os Fotball! 

Annonse: