MidtsidenCup 2021: Påmeldingsfrist utsett til søndag!

Gatecupen er tilbake laurdag 20.november - meld på innan søndag 14.november!

Os Fotball, i samarbeid med Midtsiden, har arrangert gatecup på Kuventræ kvart år sidan 2002, med unntak av 2005 og under pandemien i 2020. Laurdag 20.november er gatecupen tilbake! 

– Det blir godt å sjå mixen av amatørar, tidlegare fotballspelarar og aktive i sving på Kuventræ igjen, sa cupgeneral Torkel Hjertnes til Midtsiden i oktober. 

Det er lagt opp til fire klassar:

  • Mixklasse
  • Bedriftsklasse
  • Herrar amatør
  • Herrar elite

Påmelding

Stad: Kuventræ
Tid: Laurdag 20. november frå klokka 10 til 16*
* Cupen blir spelt ferdig på éin dag - men kan starta tidlegare om det blir mange lag påmeldt. 

Aldersgrense: 16 år (fødd i 2005)
Pris: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til marita@osfotball.no

Påmeldingsfrist: Søndag 14. november
Send gjerne inn namn på lag og ønskt klasse før den tid, men innan 14. november må vi ha betaling og liste over spelarar.
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).

Klassar og reglar

HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil, men berre inntil 3 spelarar frå 3. div og opp.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.

MIX
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM) i år tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
• Laget må til ei kvar tid ha minst 3 damer på banen.

BEDRIFT (HERRE/MIX)
• Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2019, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
• Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
• Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande.
(Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)

ØVRIGE REGLAR, GJELD ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

dbf9b195cf0e3dc3bf3b44987c1fa4f0956d021d-1140x760.jpg
(Foto: Midtsiden)

 

Annonse: