Bli med på Midtsiden Cup 2025

Bli med på eit av haustens vakraste eventyr, Midtsiden Cup 2025! 

Praktisk informasjon

Stad: Kuventræ

Tid: Laurdag 1. november frå ca klokka 10 til 16*
* Cupen blir spelt ferdig på éin dag - men kan starta tidlegare om det blir mange lag påmeldt. Dameklassen får truleg finale i 13-14-tida.

Aldersgrense: 16 år for gutar (fødd i 2009), 15 år for jenter (fødd i 2010)

Pris, cup: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til susann@midtsiden.no

Påmeldingsfrist: Søndag 26. oktober kl 12
Send gjerne inn påmelding først, med klasse og namn på lag, så kan spelarliste og betaling koma seinare, men seinast innan tysdag 28. oktober.

Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).

Tittelforsvararane

Desse laga vann i fjor:

Damer: Osstad
Bedrift: Elements Production
Herrar elite: Qeefers
Herrar amatør: Liams Losseballer

Best in show

Det er ikkje berre hundar og andre dyr som kan vinne denne gjeve prisen. I år kan også spelarane i MidtsidenCup konkurrere om førsteplass i kategorien «Best in show».

I vurderinga tel teknikk eller fart null, niks og nada. Her blir laget vurdert etter stil, kreativitet og sjølvsagt – show!

– Vi saknar fargar, parykker, glitter, glam og utkledning på Kuventræ. MidtsidenCup er ein perfekt arena for å utfordra til artige eller alternative drakter, seier dagleg leiar for Os fotball Endre Brenne.

Klassar og reglar

GENERELLE REGLAR - ALLE KLASSAR:

  • 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
  • 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
  • Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
  • Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
  • Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

DAMER

  • Ta med inntil 5 aktive. Frå aktiv nummer 3 får du mål imot (har du 5 aktive og speler mot eit lag utan aktive startar kampen 0-3).
  • Dei som har vore på banen i éin seniorkamp frå 3. divisjon og opp tel som aktiv, aldersbestemt tel ikkje som aktiv
  • Aldersgrense i dameklassen er 15 år (16 år for herrar/gutar)

HERRAR AMATØR

  • Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, men ikkje gute-/juniorspelarar eller veteran/oldboys.
  • Du kan ha med maks 2 aktive
  • Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

HERRAR ELITE

  • Ta med så mange aktive du vil, men berre inntil 3 spelarar frå 3. div og opp.
  • Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.

BEDRIFT (HERRE/MIX)

  • Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2024, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
  • Det er valfritt å stilla med mixlag (herre/dame).
  • Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
  • Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande. (Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)
  • Ta med så mange aktive du vil, MEN: Har du fleire enn tre aktive, får du mål imot per aktive utover tre. Eksempel: du stiller med fire aktive mot eit lag med to aktive, så startar kampen på stillinga 0-1.
  • Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive.

 

Annonse: