
Milliongåve til Os Turnforening frå Sparebanken Norge
Vår fantastisk gavmilde samarbeidspartnar og lokalbank, Sparebanken Norge, overraska oss med ein gåvesjekk på 3 millioner til Os Turnforening under gårsdagens kamp på Kuventræ! Me set utruleg stor pris på gåva - no blir det nytt klubbhus, som blir eit skikkelig løft for alle våre medlemmer og besøkande!
Sparebanken Norge gjev kvart år enorme summer av overskotet sitt til lag og organisasjoner i lokalområdet, som rett og slett er fantastisk!
Tidligare i veka fekk me overrakt 45 000 kr til Gatelaget, til NM-deltaking og inkludering, 50 000 til inkluderingsfond til Akademi-tilbodet og 40 000 til inkludering og fellesskap til breiddetilbodet vårt for eldre ungdommer for å skape gode opplevingar og halde flest mogleg i idretten lengst mogleg.
Fantastisk støtte for at me skal kunne gje eit best mogleg tilbod, inkludere og skape gode opplevingar for alle.
Når Sparebanken Norge, med banksjef Benjamin Norenes, ba om ordet i pausen under gårsdagens kamp på Kuventræ, blei me enda meir mållause over den utrulege givarånda til banken! Saman med kollegaene sine Birthe Nordstrand og Ida Eldstad, overrakte Norenes og Sparebanken Norge utruleg 3 millioner til Os Turnforening til renovering av nytt klubbhus på Kuventræ! For ein fantastisk gåve frå ein fantastisk lokalbank!
Tusen takk for den fantastiske støtta - som kjem til å glede enormt mange barn, unge og vaksne frå kommunen, samt alle våre besøkande!

