Morsame inkluderingsdager på Kuventræ

Idrett skaper tilhørighet, fellesskapskjensle og livslange vennskapsband. Alle born og unge har rett til å delta i fritidsaktivitetar og alle bør få oppleve idrettsglede – uavhengig av språk, kultur, bakgrunn eller økonomi! Med det til grunn inviterte Os Turn også i år til gratise inkluderingsdager for å syne fram dei ulike aktivitetene i idrettslaget!

(Foto: Os Turn) 

Det var bra kok, mykje energi og variert aktivitet på inkluderingsdagane som gjekk av stabelen i førre veke på Kuventræ. Arrangementet, som er gratis, er ein årleg happening med formål om at fleire born og unge kan oppleve idrettsglede og få meirsmak til vidare aktivitet. 90 born og unge frå 1.-10 trinn deltok i cheerleading, friidrett, trampet og turn, basket, handball og fotball. 

- Inkluderingsdagane er eit fellesprosjekt innad i Os Turn. Intensjonen med tiltaket er å visa fram den varierte og allsidige aktiviteten idrettslaget har å by på, samt nå ut til born og unge som ikkje veit kva tilbod som finnes. Det var stor interesse for arrangementet, og me fekk tre aktive og morsame dagar med mykje idrettsglede. Me har både hatt med oss deltakarar som vanlegvis ikkje driv med idrett, og deltakarar som har fått testa ut nye idretter, seier dagleg leiar, Endre Brenne.

Brenne fortel vidare at idrettslaget har hatt eit godt samarbeid med NAV og flyktningtenesta for å få med born og familiar som ikkje er så godt kjent med kva tilbod som eksisterar i kommunen, samt dei har fått stønad frå Vestland Idrettskrets og Vestland Fylkeskommune for å gjennomføre arrangementet. Han håpar deltakarane har fått meirsmak til vidare aktivitet. 

- I fjor var det faktisk nokre som aldri hadde drive med idrett tidlegare som meldte seg inn i idrettslaget etter inkluderingsdagane. Me håper også årets deltakarar har fått meirsmak, avslutter Brenne.

Inkluderingsfond

Idretten er ein fantastisk arena for inkludering og inkludering er ein av kjerneverdiene til klubben. Os Fotball ynskjer å vere ein klubb som ser alle, skaper tryggleik, trivsel, tilhørighet og mestring - me vil ha eit stort mangfold og ta vare på alle! Os Fotball har blant anna eit eige inkluderingsfond som skal vere med å gje alle eit likeverdig tilbod og unngå utenforskap grunna økonomi. Kontakt dagleg leiar Endre Brenne om spørsmål vedrørande dette.

Har du økonomiske utfordringer ta kontakt, så løyser me det saman. Både Os Fotball og Os Handball har inkluderingsfond, samt du kan få råd, rettleiing og søkje tilskot til fritidsaktivitetar hos NAV Bjørnafjorden. Idrett for alle! 

Skjermbilde 2021-08-10 kl. 14.14.58.png

Kontaktperson Inkluderingsfond

Annonse: