Ned på jorda igjen mot Nordstrand

Etter ein fysisk og mental utladning etter 120 intense minutter i midtveka, fekk herrene våre det tungt i dagens kamp mot Nordstrand i Oslo.

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball. 

Herrene våre makta dessverre ikkje å følge opp den fantastiske opplevinga i cupen mot eit sterkt Nordstrand-lag på bortebane. Det var tydeleg at cup-kampen med ekstraomganger satt i, og vertane var gjennom heile kampen fleire hakk hvassere. 

Nordstrand har blitt spådd som ein av outsiderne til opprykk, og har etter ein tung start med tap mot Skeid 2 og Lyn, verkeleg fått sving på det. Før dagens kamp hadde dei vunnet fire på rad, som no er blitt forlenga til fem.

Nordstrand-trenar, Thomas Holm (tidligare Vålerenga-profil), sine utvalte tok kommandoen frå start, men det tok 30 minutter før dei klarte å overliste Kasper Færøvik og Os-forsvaret. Før den tid hadde austlendigane vore farleg frampå ved fleire anledninger og det var ingenting å seie på at vertene tok leiinga. Nordstrand var meir på hugget, og berre seks minutter seinare dobla dei leiinga. 2-0 var også resultatet til pause. 

Kampen punktert i starten av 2.omgang

Den andre omgangen starta så på verst tenkeleg vis når Norstrand auka til 3-0, før 4-0 var i sekken i det 53.minutt. Dette var nok ein mental knekk og tunge bein blei desto tyngre. Os klarte aldri å truge Nordstrand nevneverdig, og vertane var dessverre nærare sitt femte enn våre menn redusering. 4-0 blei sluttresultatet. 

Det var derimot gledelege at Kristian Hjelvik Halvorsen og Mathias Dahl begge var tilbake på banen etter lengre skadeavbrekk. 

Våre menn kjem sterkare tilbake, og allereie på laurdag er det nye moglegheiter når Sandviken kjem på besøk til Kuventræ! 

Kampfakta: 

Nordstrand - Os 4-0 (2-0)

Nordstrand kunstgress. 7.serierunde i Norsk Tipping-ligaen avd. 1. Dommer: Marit Skurdal (Oppsal). Gult kort: Andreas Madsen Holm, Edvard Vestby (Nordstrand), Sander Lønne Dyngeland (Os).

1-0: Oliver Aasen Midtgård (30.)
2-0: Thomas Helgheim (36.)
3-0: Reda Chikh (48.)
4-0: Oliver Aasen Midtgård (53.)

Os: Kasper Sandven Færøvik - Anders Havsgård, Jonas Fagerbakke Hovland (Torkel Hjertnes 76.min), Sander Lønne Dyngeland - Mathias Dahl (Jonathan Mjånes Lund 76.min), Torgeir Lunde (K), Kristian Halvorsen, Sverre Spangelo Haga (Kaspar Klett Døsen 76.min) - Niklas Lunde Fosen (Sebastian Plätzer 44.min) Henrik Tysse Sperrevik og Roger Blokhus Ekeland (Eirik Rysjedal 76.min). 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Frøya Frøya 3 1 0 2 5 7 -2 3
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Haugesund 2 Haugesund 2 3 0 1 2 2 6 -4 1
12 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

Annonse: