NM: Herrelaget gjester Sund!

Laurdag startar herrelaget jakten på eit cupeventyr når dei gjester Sund til 1.kvalifiseringsrunde i NM.

(Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball.)

Laurdag braker det laus med tellande kampar for herrelaget når Sund er fyrste hinder på vegen til NM. For Thomas Stene Spilde er kampen ekstra spesiell; han møter nemleg sin tidligare klubb.

- Det blir veldig gøy å møte gamle lagkamerater igjen, og det er fyrste gang eg spelar mot Sund etter overgangen til Os. Eg har jo tilbragt mange år i Sund, og eg har stor respekt for alle i og rundt klubben. Eg har lenge håpa på at me skulle møte de, enten i NM eller at dei skulle få til eitt opprykk til 3div, så det blir deilig å endelig få moglegheiten til å spele mot de i ein tellande kamp, seier fotrappe Thomas Stene Spilde.

Sund kom på 3.plass i 4.divisjon i 2021, og våre menn kan vente seg ein kontringssterkt og tøff motstander. Kampen sparkes i gang kl. 14.00. 

- Eg tenker det kan bli ein veldig gøy kamp med høg intensitet. Eg veit at Sund innehar mange gode kvaliteter, så me må spele vår beste fotball for å ta steget vidare i cupen. 

Spilde er tilbake på banen etter eit lengre skadeavbrekk, og var ein av fem som teikna seg i målprotokollen mot Åsane 2. Tidligare i veka viste laget også god defensiv struktur og gjorde det vanskelig for 2.divisjonslaget Øygarden, sjølv om det blei eit knepent 1-0-tap. No ser Spilde fram til ein spennande sesong.

- Sesongen blir veldig spennande! Eg veit at det er mange gode lag i pulja, så eg forventer at det blir tøft. Mine personlige ambisjonar er bidra til å vinne flest mogleg fotballkamper, avslutter Spilde. 

Me ynskjer herrelaget mykje lukke til, og håper flest mogleg osinger tek turen til havgapet på laurdag for å støtte våre menn vidare i NM! 

 

magnorvinduet-538x93-1.png

Har du sikra deg sesongkort? 

Sesongkortet for 2022 gjev gratis inngang på alle heimekampene til Os sitt herrelag og damelag, samt ei rekkje rabattordninger hos lokale aktører. Kortet koster 600,- kroner og kan kjøpast via Vipps og hos fleire av aktørane der rabattane gjeld. 

Sesongkortet vil gje rabattar hos følgande lokale aktørar:

Monter: 30 % på håndverktøy 

Sport Norge: 15% på ordinære varer

Peppes Pizza: 20% rabatt (Gjelder for inntil 5 personer i restaurant eller 4 pizzaer på utlevering. Gjelder ikkje for alkohol. eller allerede rabatterte produkter)

Os Auto: 25 % på EU-kontroll 

Skaathun Bilverksted: 15% på servicedeler 

Fargerike: 20 % på interiørmaling og solskjerming

Osbadet: Reduserte priser (idrettspris) mandag-fredag (gjelder ikkje i ferier)  

Sesongkortet kan kjøpes på følgende måter

- Vipps 600 kr til Os Fotball 2020 og merk betalinga med "Sesongkort 2022"
- Kortet kan hentast i klubbhuset, samt Monter og Fargerike.

Velkommen til Kuventræ på kamp! 

Sesongkort 2022 bakside.png

 

Annonse: