Ny samarbeidspartnar: Bjørnafjorden Hage & Anlegg støtter Os Fotball!
Det er ein stor glede å presentere Bjørnafjorden Hage & Anlegg som vår nye støttespelar dei neste tre åra!
- Dette er ein spennande nysigning med to friske og lovande entreprenører med stort potensial som kjem inn på laget. Me gler oss til eit frodig og godt samarbeid, uttaler dagleg leiar Endre Brenne om å få med Sindre Leikvoll Moberg og Thomas Ryland Olsen sitt firma Bjørnafjorden Hage & Anlegg med på laget!
Sindre og Thomas har begge bred erfaring frå anleggsbransjen og starta opp Bjørnafjorden Hage & Anlegg i 2020. Begge har kjensler for klubben, slik at det falt seg naturleg å bidra når moglegheiten åpna seg.
- Os Fotball skaper samhald, som er ein verdi me er opptekne av, samtidig har me tilhørighet til klubben etter at både oss sjølv og eigne kjente har tilbrakt mykje tid på Kuventræ, seier Thomas Ryland Olsen om kva som gjer at dei ynskjer å støtte klubben.
Godkjent lærlingbedrift - på jakt etter lærling.
Thomas fortel at firmaet har mange oppdrag både i det grøne og grå element, og har allereie vakse med to nyansatte. Firmaet er også nyleg blitt godkjent som lærlingbedrift og er på jakt etter lærling.
- Vi har brei erfaring og blir ikkje kresne, frå små til store grøne og grå oppdrag. Graving, drenering, natursteinsmuring og belegningsstein står naturlegvis på programmet, men vi tar òg små vaktmeisteroppdrag og hekklipping, seier den positive og arbeidssterke duoen.
Så her kan altså ein lærling få ein allsidig og god lærings- og utviklingsarena.
Me set stor pris på støtta og gler oss til eit godt samarbeid!