Ny samarbeidspartnar: KIWI styrkar laget!
Kiwi og Os Fotball passar som hand i hanske, og kan med stor glede presentere Kiwi som ny samarbeidspartnar!
- Me er veldig glade for å bli del av Os Fotball. Me er opptekne av helse, sunnhet, mangfold og integrering, så me deler mange felles verdiar med klubben. Me gler oss til å samarbeide, vere aktive, synlige og bidra, seier regionsjef i Kiwi Region Vest, Jan Olav Mjøs om bakgrunnen for samarbeidet.
- Me er opptekne av helse, sunnhet, mangfold og integrering, så me deler mange felles verdiar med klubben
— Jan Olav Mjøs, regionsjef Kiwi Vest
Os Fotball og Kiwi har kome til einigheit om ein treårig avtale der Kiwi blir draktsponsor for samtlige lag, i tillegg til at me i løpet av året kan sjå fram til både Kiwi Fotballskule, og Kiwi Bama Cup 3.- 4. september på Kuventræ.
Kiwi er ein forkjempar for sunnhet og helse, og vist handlekraft gjennom ei rekkje kampanjer. Kiwi har blant anna priskutt tilsvarande momsen på frukt og grønt, nøkkelhullprodukt, samt fersk og frosen fisk. I 2020 kom også kampanjen sunnhetslotteriet; der alle med fisk og grønnsaker i handlekorga er med i trekninga om å få pengane tilbake for heile korga. Os Fotball er også ein forkjemper for sunn og god helse og er derav også valt som Eat Move Sleep-ambassadør av fotballforbundet. Med andre ord passar Kiwi og Os Fotball som hand i hanske!
Regionsjef Jan Olav møtte oss på Kiwi Idrettsveien, og hadde med seg sine dyktige og engasjerte butikksjefar i Os; frå Kiwi Moberg, Kiwi Gudridflaten, Kiwi Haugsneset og Kiwi Idrettsveien. Trine Bjørkhaug Dyke, butikksjef på Kiwi Moberg, er ei av dei. Ho gler seg i likhet med Jan Olav og dei andre butikksjefane i Os, stort over samarbeidet.
- Me synst jo det er utrulig stas å få vere med å støtte Os Fotball. Me veit kor mykje klubben betyr for lokalsamfunnet og kor viktig jobb som blir gjort på Kuventræ. Me gler oss til samarbeidet og ynskjer å bli ein aktiv støttespelar, seier Trine Bjørkhaug Dyke.
- Me synst jo det er utrulig stas å få vere med å støtte Os Fotball. Me veit kor mykje klubben betyr for lokalsamfunnet og kor viktig jobb som blir gjort på Kuventræ.
— Trine Bjørkhaug Dyke, butikksjef Kiwi Moberg.
Kiwi har etablert seg som ei av våre største dagligvarekjeder i landet. Det som starta med ein liten butikk i Hokksund i 1979, har utvikla seg til 690 butikkar og 14.000 ansatte.
Os Fotball vil nytte Kiwi til innkjøp av daglegvarer, både til ekstratilboda våre FFO og Akademiet, samt til kiosk og arrangement. Ved å støtte klubben har Kiwi servert ei utsøkt pasning til medlemmane våre, og som gode medspelarar oppmodar me til å sentre tilbake, og i samarbeid nå nye mål. Me håper medlemmane våre vil nytte Kiwi til sin daglegvarehandel!
På si eiga heimeside beskriver Kiwi historia si som eit moderne norsk eventyr om entusiasme, mot og handlekraft – der kunden alltid er hovudpersonen. Etter gode samtalar trekk Endre Brenne fram Kiwi sin entusiasme, interesse og nysgjerrighet i møte med Os Fotball.
- Me er veldig glade for at Kiwi blir del av Os Fotball! Gjennom gode samtaler har dei verka genuint interessert i aktiviteten i klubben, og me opplev dei som folkelige, hyggelige og positive. Me gler oss stort til å samarbeide med Kiwi, uttaler dagleg leiar Endre Brenne om våre nye grønnkledde medspelarar.
Me set stor pris på tilliten og gler oss til eit fruktig og bærekraftig samarbeid med Kiwi!