Ny samarbeidspartnar: No kan du sitte på Transport & gulvstøp-feltet på tribunen

Det er med stor glede me kan kan presentere Transport & Gulvstøp som vår nye tribunepartner!

På bildet: Kristian Vivås Håvardstun og Thomas Vivås Håvardstun frå Transport & Gulvstøp, i lag med A-lagspelarane, Henrik Sperrevik og Niklas Lunde Fosen. 

- Det er utruleg kjekt å få med Transport og Gulvstøp, og gladguttane Kristian og Thomas på laget! Me ser fram til eit knallsterkt samarbeid med våre gode naboer, uttaler ein nøgd dagleg leiar.

Transport & Gulvstøp blei stifta av Trygve Håvardstun i 2001, og har sidan oppstarten hatt fokus på kvalitet, fleksibilitet og kompetanse kombinerte med moderne utstyr. Firmaet tek store og små oppdrag som blant anna komplett gulvstøp i bolig, industri, garasje, epoxybelegg, kaianlegg med meir, og blir utført av ansatte med lang erfaring og god kompetanse innan betongfaget. 

Firmaet held til på Kuventræ, og det er svært gledelig at våre gode naboer ønsker støtte klubben og vere med å pryde tribunen med sitt eige felt!

Me gler oss over vår kruttsterke nye medspelar og set stor pris på støtta! 

Velkommen på laget, Transport og Gulvstøp! 

transport-og-gulvstoep-as.jpg
Skjermbilde 2023-10-18 kl. 12.09.44.png

 

Annonse: