Ny samarbeidspartnar: Ragn-sells blir del av laget!
Det er med stor glede me kan presentere Ragn-Sells som vår nye samarbeidspartnar!
- Ragn-Sells støtter breiddeidretten i heile landet fordi vi er opptekne av at born og unge er aktive. Vi ynskjer å støtte lokalt og synst det er mykje positiv aktivitet på Kuventræ. Os Turn har ein profil vi vil alliere oss med, og vi ynskjer å bidra med ressurser som støtter aktivitetstilbodet til born og unge i Os! Vi har samtidig mål om å påverke og bevistgjere born og unge om bærekraft, miljø og gjennvinning, uttaler Ole-Vidar Moberg som er salgssjef i Ragn-Sells region vest.
Dagleg leiar Endre Brenne uttrykker stor glede over å få Ragn-Sells med på laget!
- Ny partner som deler mange av dei same verdiene som oss. Me gler oss over samarbeidet og ser fram til å bli bedre kjent og jobbe saman i åra som kjem, seier dagleg leiar Endre Brenne.
Om Ragn-Sells
Ragn-Sells er eit privateid konsern med virksomhet i seks land. Virksomheten starta i Sverige allereie på 1800-tallet, og har sidan 60-talet spesialisert seg på avfallshåndtering, miljø og gjenvinning.
Ragn-Sells’ norske virksomhet starta i 1989 i Oslo, og Ragn-Sells er no ein landsdekkande totalleverandør av tjenestar knytta til innsamling, transport og gjenvinning av restprodukter og -avfall.
Selskapet er sertifisert på kvalitet, miljø, arbeidsmiljø og samfunnsansvar, og har blant sine 2500 medarbeidarar spesialistar innan mange områdar – frå behandlingseksperter som konstruerer og driver kretsløpsanlegg, til eksperter innen farlig avfall, sanering og kildesortering. Omlag 430 personar arbeider i Norge, fordelt på 24 avdelingar, eit av dei i Bergen.
Som eit supplement til den praktiske virksomheten tilbyr Ragn-Sells også konsulenttjenestar med spesialistar innan blant anna kjemikalier, miljø, energi og avfallshandtering.
Me gler oss til samarbeidet og ynskjer Ragn-Sells velkommen på laget!
Sjå video om Ragn-Sells under, samt besøk dei på nett her: Ragn-Sells