Ny samarbeidspartnar: Renta vil løfte klubben til nye høgdar!
Det er med stor glede me kan presentere Renta som ny samarbeidspartnar!
Renta er totalleverandør innan maskin- og utstyrsutleige med 220 ansatte fordelt på 15 avdelinger over heile landet. Konsernet har nyleg etablert ein avdeling på Os, og det er utruleg gledeleg at Renta ynskjer å bli del av Os Fotball-familien.
- Når vi har moglegheit ynskjer vi å bidra på de scenene vi er - å støtte lokalmiljøet er ein viktig verdi for konsernet. Vi har kjennskap til Os Fotball og synst klubben drives godt. Os Fotball har alltid vore ein av bærebjelkene i regionen, og er på god veg med å bygge klubben vidare. Eg tenker det er naturleg at Os Fotball er flaggskipet i regionen og tiltrekker seg spelarar frå Os og Fusa. Når det i tillegg blei snakk om å starte opp eit toppfotballtilbod, tente me på det, seier Stig Soltvedt, leiar på Renta sin avdelingen i Bergen.
Renta Toppfotball
- Det er veldig gledeleg at Renta blir del av laget. Me har hatt gode samtalar, og det er veldig kjekt at dei ser verdien av å starte opp toppfotballtilbodet på gymnaset. I tillegg blir de draktsponsor. Me gler oss til eit godt samarbeid - saman kan me nå nye høgder, seier dagleg leiar Endre Brenne.
Os Fotball og Os Gymnas blei i vår einige om eit samarbeid om eit toppfotballtilbod på Os Gymnas. Ein del av avtalen er at Os Fotball planlegger og gjennomfører fotballøktene. Toppfotballtilbodet er no gang og har fått namnet Renta Toppidrett Fotball.
- Å etablere eit toppfotballtilbod på gymnasnivå er eit nytt godt steg i spelarutvklinga. No har me eit godt utviklingsløp med ekstratilbod for ivrige fotballspelarar frå 7 år til 18 år! Det er eit supplement til lagstreningar og kan forhåpentlegvis vere med å utvikle morgondagens heltar! Med eit gymnastilbod kan me i tillegg helde fram med å utvikle ein toppidrettskultur på Kuventræ, seier Brenne.
Hos Renta kan du leige alt du trenger av maskiner og utstyr til store og mindre prosjekter. Med appen, Renta Easy, kan du enkelt administrere utstyret du vil leige, både privat og som bedrift.
Om Renta
Flexleie AS blei etablert i 2002, og hausten 2018 blei selskapet kjøpt opp av det finske utleigeselskapet Renta Group. Med nye eigarar bytta Flexleie AS namn til Renta AS, og gjekk frå å vere spesialist på lift, til å bli ein totalleverandør innan maskin- og utstyrsutleige.
I april 2021 utvida Renta ytterligere når også Byggesystemer blei del opp av konsernet. Med Byggesystemer på laget, står no Renta sterkt som utstyrsleverandør over heile landet, med 220 ansatte fordelt på 15 avdelingar i Bergen, Os, Stavanger, Stord, Romerike, Oslo og Nord-Norge. Les meir på renta sine sider her: Renta
Me gler oss til samarbeidet og ynskjer Renta velkommen på laget!