Ny samarbeidspartnar: Saman med Espira skal me skape bevegelsesglede og barnehage-VM!
Det er ein stor glede å presentere vår nye samarbeidspartnar, Espira Kuventræ og Espira Ulvenvatnet. Espira har som visjon å gje born ein fantastisk start på livet, og det er difor svært gledeleg at kunnskapsbarnehagen ynskjer å samarbeide med oss om å skape bevegelsesglede og barnehage-VM på Kuventræ!
- Me gler oss stort til å samarbeide med Os Fotball. Eit av våre tre satsingsområder er bevegelse, og det passer oss derfor utmerka å inngå eit samarbeid med klubben om å skape bevegelsesglede. Barnehage-VM blir stor stas, uttaler Kristin Krokeide og Hildegunn Sandmoe Fadnes, styrarar i henholdsvis Espira Kuventræ og Espira Ulvenvatnet.
Espiras satsingsområder er språk, realfag og bevegelse. Desse områda er viktige for barns heilhetlige utvikling og livslange læring, og alle barn skal møte desse satsingsområda på varierte og spennande måter i barnehagen. Satsingsområdet om bevegelse innbefatter både fysisk aktivitet og arbeid med mat og måltid. No blir barnehage-VM med Os Fotball del av dette!
Os Fotball og Espira barnehagane deler mange av dei same verdiane, som at begge blant anna ynskjer at alle born og unge blir møtt av trenarar og vaksne som viser omsorg, støtter, engasjerer og inspirerer, og gje borna våre dei beste føresetnadane for framtida - på og utafor bana.
Mange av våre medlemmer har fått ein fantastisk start på livet hos våre nye samarbeidspartnarar i Espira Kuventræ og Espira Ulvenvatnet.
Er du på leit etter barnehageplass, kan Espira sine barnehager på Kuventræ anbefales på det sterkaste. Besøk dei på nett her: Espira
Me gler oss stort til samarbeidet - velkommen på laget, Espira Kuventræ og Espira Ulvenvatnet!